Hopp til innhold

Harald (29) selde bilen for å kjøpe sitski

Rullestolbrukar Harald Fjeldstad har kjøpt seg sitski til 50.000 kroner. Hadde han vore nokre år yngre ville NAV betalt alt.

Harald Fjeldstad

Harald Fjeldstad har har kjøpt seg sitski slik at han kan vere med familie og vener ut i skibakken.

Foto: privat

– Her er det trykkestavar med ski som vi styrer med. Så er det på med mange stroppar, så sit du godt fast.

29 år gamle Harald Fjeldstad frå Gjøvik syner stolt fram den nye sitskia si. Den kosta 50.000 blanke kroner. Det var den verd, meiner Fjeldstad.

– Ein av grunnane til at eg kjøpte ski er at eg framleis kan vere med familie og vener ut i bakken og halde fram med å leve eit aktivt liv.

– Urettferdig

Fjeldstad jobba som feiar da han datt ned frå eit tak og vart lam i beina. Han har alltid vore aktiv i sport og idrett, men etter at han vart rullestolbrukar har utstyret vorte mykje dyrare ettersom det må spesialtilpassast.

Hadde han vore nokre år yngre ville situasjonen vore ein heilt annan. For alle som er 26 år eller yngre får nemleg dekka slik utstyr.

– Det er litt urettferdig. Det verkar som om politikarane vil at du skal setje deg i ein stol og bli der når du er over 26 år, seier Harald Fjeldstad.

Oppe i spørjetimen

Harald Fjeldstad

Harald Fjeldstad brukte 50.000 kroner på sitski, og angrar ikkje eit sekund.

Foto: Jorun Vang / NRK

Statssekretær Gina Lund i Arbeidsdepartementet seier at dette er ei ordning som i utgangspunktet vart innført som ei særordning for ungar under 13 år, og at den gradvis har vorte utvida til 26 år.

– Vi bruker mange millionar kroner til slike hjelpemiddel, og vi prioriterer dei yngste. Vi har gradvis sikra at vi får ein god bruk og gjenbruk av dei hjelpemidla vi har, seier Gina Lund.

Ho seier at det stadig er eit tema å utvide denne aldersgrensa.

– Eg kan ikkje love noko om når det eventuelt skjer. Det er eit av mange forslag som er til vurdering.

Seinast denne veka vart den såkalla 26-årsregelen teke opp i spørjetimen av Vigdis Gilthun frå Framstegspartiet. Ho viser mellom anna til at eige hjelpemiddelutval har foreslått å gjere det mogleg for alle funksjonshemma å få gratis idrettsutstyr.

I sitt svar sa arbeidsminister Hanne Bjurstrøm at ho skjønar engasjementet i saka, og at regjeringa vil ha ei grundigare utgreiing av enkelte av utvalet sine forslag før dei bestemmer seg.

Får mange telefonar

Statssekretær Gina Lund

Statssekretær Gina Lund seier at dei vurderer å lempe på den såkalla 26-årsregelen.

Foto: Nyhetsspiller

Kjersti Fremstad i Norges Handikapforbund i Oppland seier at dei får mange innspel frå funksjonshemma som opplever regelen som ein stoppar for å vere aktiv.

– Det ville vore positivt dersom folk med nedsett funksjonsevne hadde fått større moglegheit til å vere i fysisk aktivitet. Eg trur det ville forsvart prislappen samfunnsøkonomisk.

I utgangspunktet meiner ho at 26-årsgrensa bør fjernast heilt, men innser at det kan vere vanskeleg å få til.

Vil ha eigendel

Fremstad meiner neste steg bør vere ein eigendel som gjer at utgiftene ikkje blir større enn for funksjonsfriske som skal ha slikt utstyr.

– Det er kostbare hjelpemiddel, og prisen kan fort kome opp mot 90.000 kroner. Det er ei heftig investering for den som er ung og driv og etablerer seg på andre område også.

Harald Fjeldstad frå Gjøvik køyrer ikkje berre på ski, han har også å starte med kjelkehockey. Det er også ein idrett som det kostar mange tusen kroner å drive med, og medan lagkameratane under 26 år får dekka utstyret, må han betale sjølv.

– Det kostar fort 15.000 kroner og oppover for ein kjelke, pluss anna utstyr som hjelm og brynje. Du klør deg i hovudet og lurar på kvar du skal ta pengane frå.

Flere saker fra Innlandet