Hopp til innhold

Fleire skred kvar dag

I fleire dagar har varsom.no meldt faregrad 3 i Jotunheimen. Det er svært sjeldan, seier Ole Jacob Grindvold i Leirvassbu.

Ras ved Leirvassbu

Eit mindre ras som er utløyst av skituristar i Jotunheimen denne veka.

Foto: Ole Jacob Grindvold / Leirvassbu

Mykje folk i fjellet

Mange har brukt 1.mai-helga i fjellet. På Turtagrø har det i helga vore arrangert High Camp, med over 600 deltakar, og rundt om på turisthyttene i Jotunheimen kan dei melde om mange gjester og stor interesse for toppturar.

Ole Jacob Grindvold

OLE JACOB GRINDVOLD: - Vi ber gjestene våre fylgje godt med på varsom.no, og vi oppmodar gjestene våre til å velja trygge ruter.

Foto: Leirvassbu / NRK

– Her har det vel vore 5-6 ras berre dei siste dagane, som eg veit om, seier Ole Jacob Grindvold i Leirvassbu.

Dei har hatt om lag 80 gjester, og mange har fått erfare dei ustabile snøforholda.

Lite skakig

I går var det ei gruppe som utløyste eit skred like ved fjellstova, fortel Ole Jacob. Ein av dei, ein svenk skikøyrar, vart teke av raset og fekk kjenne kreftene i snømassene. Han vart med raset ned og vart sitjande fast i snø opp til brystet.

– Jag blev lite skakig, skal svenken ha uttala då han kom attende til Leirvassbu.

Svenske tatt av skred

Eitt av fleire ras i Jotunheimen siste veka. Mannen til venstre i bildet (ringa rundt), vart tatt av skredet og vart sitjande fast. Han kom uskadd frå hendinga, men skal ha uttala at han 'blev skakig' av hendinga.

Foto: Leirvassbu Fjellstue / Ukjent

Utfordrande forhold

På varsom.no har dei meldt om faregrad 2 (moderat) stort sett i heile vinter, men med snøfallet dei siste dagane, er skredfara no lyfta eitt hakk opp til 3, betydeleg skredfare.

Grindvold seier at mange av gjesstene er flinke til å ta forholdsreglar. Men han ser også at mange har lett for å stole for mykje på skredsøkjarutstyret, og tek unødige sjansar.

Ørjan Venås i Skredgruppa innlandet, støttar Ole Jacob i at mange stolar for mykje på utstyret.

– Veldig mange har skaffe seg skredsøjkarutstyr, og det er bra, men det er like viktig å veta korleis ein brukar det, seier Ørjan Venås.

Han har sjølv vore tatt av skred, og veit at du har berre 15 minutt på deg til å redde kompisane dine om ulykka er ute.

Varsom.no

Albert Lunde er ein av observatørane til skredvarslingstenesta varsom.no i Jotunheimen. Han seier at det i lange tider har vore fint og kaldt ver i fjellet, noko som har skapt eit skarelag i snøen.

Dei tre siste dagane har det kome over 30 centimeter nysnø, som er vindtransportert og lagt seg til i aust- og nordvendte lesider.

Flere saker fra Innlandet