Hopp til innhold

Filleryer sikrar utdanning for jenter i Pakistan

– Draumen er at biblioteket skal fyllast med bøker. At det skal bli eit levande bibliotek, eit folkebibliotek! Det var min fars siste draum, seier Laila Bokhari.

Filleryer sikrar pakistanske born utdanning

Frå Lillehammer har den norskpakistansk familien Bokhari drive ein skule i Pakistan for jenter.

Laila Bokhari, kjent som statsvitar, forfattar og medlem av 22. juli-kommisjonen, ser seg om i det nyopna biblioteket i landsbyen Sultanabad i Pakistan.

Vi er nokre mil utanfor storbyen Faisalabad, byen der far hennar vaks opp. Yawar Bokhari, mannen som gifta seg med norske Brit, fekk to born og flytta til eit norsk småbyliv i Lillehammer. Som oppdaga fillerya etter ein tur på Maihaugen, og som sidan tente gode pengar på å selgje nettopp filleryer til det norske folk, filleryer han produserte på ein fabrikk i den fattigslege landsbyen Sultanabad.

Byggja skule

– Dette skal bli eit litteraturhus, seier Laila Bokhari. Verkeleg. Eit levande litteraturhus med alle slags typar litteratur for heile landsbyen.

Laila Bokhari

Laila Bokhari er kjent som statsviter, forfattar og medlem av 22. juli-kommisjonen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

For ulikt andre fabrikkeigarar brukte Yawar deler av overskotet frå filleryefabrikken til å bygge ein skule, ein skule for fabrikkarbeidarane sine born. Ein skule som vaks i omfang etter etableringa i 1996, og som no tilbyr utdanning til 650 elevar i eit område der det offentlege skuletilbodet mildt sagt er mangelfullt. Skulen kalla han opp etter sine eigne born, Laila og Amar, som hadde fått gratis og god utdanning i Norge.

Og sist veke var altså biblioteket opna. Biblioteket som ber dottera sitt namn; Laila Library, og som skal vere eit bibliotek etter norsk modell. Eit folkebibliotek for alle.

Ekstremisme

I Pakistan prøver ekstreme islamistar å skremme jenter frå å ta utdanning. I dei nordvestlege grenseområdene mot Afghanistan står talibanliknande grupper sterkt. Grupper som har gått til angrep på jenteskular, både i grensetraktene og i storbyen Karachi.

Saka om 15 år gamle Malala Yousafzai som vart skoten på veg til skulen, har rysta ei heil verd. Også på Laila og Amar-skulen har dei merka presset utanfrå, fortel Laila Bokhari:

– Då vi hadde karikaturstriden heime, eller når det har vore turbulent og mykje amerikanskretta hat, har vi tatt ned det norske flagget. Skulen har væpna vakter, men situasjonen er langt rolegare her i Punjab enn i andre provinsar, seier ho.

Arven

Yawar Bokhari døydde sist haust, og no er det søskenparet Lailia og Amar som skal føre farsarven vidare.

– Det er eit stor ansvar og ei vanskeleg oppgåve, seier Amar Bokhari, som til dagleg jobbar for FN i Jerusalem. – Men ei fantastisk utfordring. Og det er ein arv som er større enn noko anna vi kunne ha arva.

Faren ligg ved sida av foreldre og søsken på ein vakker familiegravlund i heimbyen. Laila og Amar legg ned roseblad og tenner røykelse.

– We will keep fighting! var det siste han sa til meg, seier Laila. – Og det skal vi gjøre. Vi skal få dette til!

Laila Library

Laila Bokhari har opna bibliotek i Pakistan. Det var den siste draumen til faren.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Flere saker fra Innlandet