Hopp til innhold

Evakuerer pleietrengande i Trysil

Dei store nedbørsmengdene det siste døgnet har skapt flaum og stengte vegar fleire plassar i Hedmark.

Geir Nordnes

Ei hengebru over elva Ljøra ved Nordbø i Ljørdalen måtte i kveld gje etter for vanntrykket

Foto: Geir Nordnes

Ein pasient har allereie blitt flytta til ein sjukeheim i Innbygda, og no vurderer kommunen situasjonen til fleire pleietrengande, melder Østlendingen.

Jan Sævig

Rådmann Jan Sævig seier at situasjonen er under kontroll, men at dei vurderer situasjonen fortløpende.

Foto: Gunnar Østmoe / Trysil kommune

–Trysilelva veks ganske raskt, men dei mindre elvene og bekkane veks raskare, så vi har ein krisestab som overvakar situasjonen, seier Jan Sævig, rådmann i Trysil.

Aldersheim, skule og barnehage er framleis trygge, men det er sju pleietrengande rundt om i bygda som har fått tilbod om å bli flytta.

–Framleis er det berre ein vi har flytta, seier, Jan Sævig.

Rådmannen seier dei har auka staben i heimetenesta og fylgjer opp dei som har behov for hjelp.

Hengebru kollapsa

Geir Nordnes

Hengebru kollapsa i Ljørdalen.

Foto: Geir Nordnes

Ei hengebru over elva Ljøra ved Nordbø i Ljørdalen måtte i kveld gje etter for vanntrykket.

–Elva er nok ikkje på nivå med flaumen i 1995, enda, det manglar nok 20 cm på det, men det er mykje vatten her, seier Geir Nordnes.

Flere saker fra Innlandet