Hopp til innhold

Her feirar Elverum eit nytt gull!

Elverum sikra seg ein ny tittel heime i Terningen sundag kveld. Med seier 23-21 i kveldens kamp mot ØIF Arendal er sluttspelet i boks.

Elverum sikra seg ein ny tittel heime i Terningen sundag kveld. Med seier 23-21 i kveldens kamp mot ØIF Arendal er sluttspelet i boks.

Elverum får ein ny pokal å pusse etter seier mot ØIF Arendal i kveld. (foto: Kurt Sivertsen)

I fredagens bortekamp vann Elverum komfortabelt 31-25. Finalen i sluttspelet blir spelt best av tre kampar, det betyr at Elverum kunne sikre seieren heime i Terningen Arena i kveld.

Etter ein jamspelt fyrsteomgang stod det 10-10 ved pause. Eit festklart publikum såg for seg at Elverum skulle dra frå utover i andre omgang, men i staden var det ØIF Arendal som tok styringa, og leia på det meste med tre mål.

Men Elverum gav ikkje opp, midt i omgangen utlikna dei til 15-15, og drog sakte men sikkert frå mot slutten av kampen. Til slutt vann Elverum 23-21, og serievinnarane sikra seg nok ein tittel.

– Kjempeinnsats

Trenar Christian Berge var stolt av spelarane sine etter kampen.

– Det er ikkje nokon god kamp, men ein voldsom fight. Vi har ein tendens til å tape slike kampar, men i dag ville vi verkeleg vinne. Det var ein kjempeinnsats av gutane.

Dette avrundar ein fantastisk sesong der dei også vann seriegullet og kom til cupfinalen.

– Vi har hatt ein fin sesong der vi har vore med på det meste. Vi tapte dessverre cupfinalen, elles har det sett veldig bra ut. Vi skal jobbe hardt for å halde oss på dette nivået. Men aller fyrst blir det ein fest, vi er gode på det i Elverum, ler suksesstrenaren Christian Berge.

– Små marginer

ØIF Arendals landslagskeeper Svenn Erik Medhus var ein slagen mann etter finaletapet.

– Vi var veldig nære. Vi er det laget som spelar best handball, og har store moglegheiter til å slå dei. Det er små marginar som tippar det Elverums veg.

Keepergiganten stod ein stor kamp i mål, og redda tre av fem straffer. Han er mest frustrert over den dårlege heimekampen, der ØIF Arendal lot Elverum vinne lett.

– Det er ikkje artig å bli nummer to, men vi har gjort ein god jobb ved å kome til finalen.

Erik Toft

Erik Toft med pokalen.

Foto: Kurt Sivertsen / NRK

Flere saker fra Innlandet