Hopp til innhold

Nå må du sjekke huset ditt for radon

Snart må alle som skal leige ut hus og leilegheiter sjekke for farleg radongass. – Du kan ikkje sjå eller lukte den, derfor er det viktig at folk måler, seier Statens strålevern.

Odd Magne Solheim

Hedmark og Oppland er blant dei fylka med mest radon. Her syner Odd Magne Solheim fram kvar det er farlegast på Hadeland.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

– Radonverdiane varierer heile tida, frå dag til dag, derfor treng ein lang tid for å finne ut kor stort problemet er.

Det seier Odd Magne Solheim i firmaet Radonor, medan han legg ut ein såkalla sporfilm. Dei blir lagt ut i alle rom som skal undersøkjast, og skal ligge eit par månader, før den blir sendt til analyse.

Usynleg og luktfri

Radon er ein usynleg gass som skader lunger og luftvegar. Eit anslag seier at eit av ti hus har for høge verdiar av radon, og kvart år får 300 personar lungekreft på grunn av gassen.

– Dei fleste av dei er røykarar, radon og røyk er ein svært dårleg kombinasjon. Men folk som ikkje røyker kan også få kreft på grunn av gassen. Du kan ikkje sjå eller høyre den, så det er viktig at folk måler, seier Ingvild Finne i Statens strålevern.

Og nå blir reglane strengare. Ei ny forskrift med ei overgangsordning fram til 1. januar 2014 seier at dersom du skal leige ut hus eller leilegheit, så må radonverdiane vere forsvarlege. Er dei ikkje det må det setjast i gang tiltak.

Sporfilm

Ein slik sporfilm finn ut om du har for mykje radongass i ditt hus.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Det er også venta at det om kort tid vil bli innført ei forskrift som krev radonundersøking når bustader skal seljast.

– Mange tykkjer at dette ikkje er noko å bry seg om, medan andre gjerne vil ha det i orden. Dette er uansett ei konkret sak som det går an å ordne, og dermed redusere kreftrisikoen med relativt enkle midler, seier Odd Magne Solheim.

Flere saker fra Innlandet