Hopp til innhold

Eilif snart på kino

Filminnspillinga av Jo Nesbø si barnebok om Doktor Proktor sitt prompepulver nermar seg slutten. Eilif Noraker fra Valdres har hovedrolla som Bulle.

INGERID:
Filminnspillinga av Jo Nesbøs barnebok om Doktor Proktors prompepulver nærmer seg slutten. 
JARLE:
De 4 bøkene om Doktor Proktor er solgt i nærmere en million eksemplarer i inn- og utland. I februar neste år kommer Doktoren og Lise, OG Bulle på kino.

Doktor Proktor kjem på kino i februar 2014.

Eilif Noraker

Eilif kjenner seg litt att i rolla som Bulle.

Foto: Pernille Solås / NRK

– Han er kanskje litt rampete, litt freidig, og veldig utadvendt. Han har lyst til å prøve mange ting, og er kanskje litt nysgjerrig, svarar Eilif på spørsmål korleis Bulle er.


Historia handlar om dei to einstøingane Bulle og Lise, som etter kvart blir kjende med den sprø professoren. Det er 13 år gamle Eilif som spelar Bulle, og han kjenner seg litt att i rolla.

– Kanskje på nokon måtar men ikkje hundre prosent for å seie det slik, men kanskje femti prosent, liksom, smiler han.

Vanleg med eksplosjonar

Kristoffer Joner

Kristoffer Joner som Doktor Proktor.

Foto: Pernille Solås / NRK

De fire bøkene Jo Nesbø har skrive om Doktor Proktor er selt i nærare ein million eksemplar i inn- og utland. I februar neste år kjem Doktoren, Lise og Bulle på kino.

I Kanonvegen, utanfor Doktor Proktors bustad skjer det dramatiske ting. Den galne julenisseliknande professoren er det Kristoffer Joner som spelar. Han kjem frå eit univers ganske ulikt vårt eige, og der skjer mange sprø ting.


– Altså, sprø og sprø. No har det blitt så vanleg her at folk fis jo over alt, og det eksploderer ting, så det byrjar liksom å verta kvardagen vår det, seier Kristoffer Joner som spelar ein skjeggete Doktor Proktor.

Tydelege karakterar og tjukke slemmingar

Arild Fröhlich

Regissør Arild Fröhlich med Atle Antonsen utkledd som skurk.

Foto: Pernille Solås / NRK

Regissøren var ikkje i tvil om å ta på seg oppgåva om å filmatisere dei svært populære bøkene om Doktor Proktor.

– Eg likar tydelege karakterar og tydelige univers, og her det jo skurkar. Dei slemme er slemme - og tjukke, som eg og likar veldig godt, seierArild Fröhlich.

Dei skal vera ekstra gode og tjukke når dei er slemme, og frå Nord-Noreg, ikkje minst, seier Fröhlich og kikkar opp på Atle Atonsen som er utkledd som ein tjukk skurk.

– Fra Nord-Noreg, ikkje minst, svarar Antonsen, på nord-norsk, og travar av garde.

Eilif Noraker

Eilif Noraker (13) spelar rolla som Bulle i filmen om Doktor Proktor.

Foto: Pernille Solås / NRK
INGERID:
Filminnspillinga av Jo Nesbøs barnebok om Doktor Proktors prompepulver nærmer seg slutten. 
JARLE:
De 4 bøkene om Doktor Proktor er solgt i nærmere en million eksemplarer i inn- og utland. I februar neste år kommer Doktoren og Lise, OG Bulle på kino.

Doktor Proktor kjem på kino i februar 2014.