NRK ANBEFALER

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Skredfare og glatte hovudvegar

    Det er sjeldan varsom.no melder om faregrad tre her over så lang tid, seier verten i Leirvassbu, Ole Jacob Grindvold.

    – Men det er høgst reelt, for berre i dag har det vore tre mindre skred her, seier han. Nedbøren har også ført til ein del glatte hovudvegar i distriktet vårt, og operasjonssentralen åtvarar mot glatte hovudvegar.

    Ras ved Leirvassbu
    Foto: Ole Jacob Grindvold
  • Elverum framleis på topp

    Då Elverum tok i mot HamKam i kveld, sette dei tidleg press på gjestane. Det var Elverum fyrst og Elverum sist, og då dommaren bles stod det 5 - 0 på resultattavla. Ein overbevisande siger og framleis trygt på tabelltoppen i 2.divisjon. Det vart også målrikt då Tynset tok i mot Strindheim, med sluttresultatet 3 - 5. Brumundal som har vunne to kampar på rad, tapte 1 - 2 mot Brattvåg. Og i kampen NIL Trysil - Hønefoss, vart sluttresultatet 3 - 2.

  • Ti personer tatt av snøskred

    Ei gruppe på ti personar var involvert i eit snøskred på Sognefjeldet i ettermiddag. To av dei skal vere skadd, men dei er ikkje livstruande skadd, seier redningsleiar Børge Galta ved hovudredningssentralen Sør Norge. Raset gjekk om lag ein kilometer vest for Steindalsnosi, melder GD. Det er betydeleg skredfare i dette området etter snøfallet dei siste dagane.