Hopp til innhold

Porno øydelegg sexlivet til ungdom

Unge menn i 20-åra har ingen futt i senga fordi dei er avhengige av porno, viser ny forsking gjort av amerikanske psykologar.

US-TECHNOLOGY-PORN

For alle med tilgang til internett er porno til ein kvar tid berre sekundar unna. Det kan fort få konsekvensar.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Problemet til den unge generasjonen menn er ikkje om dei anten er gode eller dårlege i senga. Men at libidoen, eller sexlysta, vert redusert til nivået som er vanleg for menn som er i 50-åra.

Årsaka? Ifølgje forskingsrapporten har den auka bruken av porno ført til at menn mister interessa for verkelege seksuelle opplevingar.

Tilgjengeleg heile tida

«I dag kan folk få utløp for kjenslene sine ved å sjå på porno i fleire vindauge, spole til det dei tenner mest på, søkje uendeleg på nettet, ha cybersex og ved å utforske dei mest ekstreme ting. Alt er gratis, lett å skatte, og tilgjengeleg heile døgeret – sju dagar i veka», står det i rapporten.

Etter eit visst punkt vil pornosjåarar overstimulere det kjemiske stoffet dopamin, som finst i kroppen. Dopamin speler ei viktig rolle for motivasjon og lyst. Men dersom sexlysta heile tida blir stimulert, vil dopaminreaksjonen til slutt bli nomen. Det vil føre til at det skal stadig meir til for å få seksuell tenning.

Forskarane samanliknar det med måten narkomane heile tida treng sterkare stoff for å få den same rusen som dei ein gong hadde. På den same måten vil pornoavhengige menn trengje meir ekstreme seksuelle opplevingar for å bli ordentleg kåte.

Det er spenning i det som i andre typar avhengnad, men i tillegg kjem det seksuelle. Så det kan bli veldig intenst.

Rose Marie Johnsen, psykolog

Alle typar folk

Den typisk pornoavhengige kjem frå alle typar samfunnslag, slår rapporten fast.

«Desperate unge menn med ulik kulturell bakgrunn, utdanning, religion, verdiar og personlegdom søkjer hjelp. Dei har alle to ting til fells: storforbruk av internettporno, og ein dragning mot stadig meir ekstreme ting.»

Viagra eller andre sexstimulerande middel vil ikkje løyse problemet. Desse preparata verkar ved å bryte ned blodkar for å oppnå ereksjon. Dersom sexlysta er overstimulert, kan preparata berre oppnå ein fysisk ereksjon, men ein kan ikkje oppnå nyting.

Ifølgje forskarane finst det berre ei løysing på dette problemet. Slutt å sjå på porno. For å skaffe «normal» sexlyst igjen, trengst det ein pornofri periode på seks til 12 veker.

«Dette vil vere ein av dei vanskelegaste tinga du har gjort», slår rapporten fast. Dei avhengige kan nemleg oppleve insomnia, irritasjon, panikk, konsentrasjonsproblem og til og med influensaliknande symptom.

Vond sirkel

Rita Marie Johnsen

Psykolog Rita Marie Johnsen behandlar mange i Noreg for sexavhengnad.

Foto: Privat

Psykolog Rose Marie Johnsen ved Institutt for klinisk sexologi og terapi (IKST) i Oslo behandlar stadig fleire unge menn for sexavhengnad. Ho seier NRK.no at det er lett å kome inn i ein vond sirkel når ein nyttar porno for mykje.

– Pornoen blir ein måte å blåse liv i kroppen og å ventilere. Det kan samanliknast med anna type avhengnad, som til dømes dataspel. Men i tillegg til spenninga ein finn i andre typar avhengnad, kjem den seksuelle lysten tillegg. Så det kan bli veldig sterkt.

Johnsen seier at det finst to måtar å aktivere sexlivet. Først det som går føre seg i hovudet. Det handlar om fantasi, synsinntrykk, hørsel, lukt og smak. Porno stimulerer desse inntrykka. Men det andre er det kroppslege, som kan vekkje seksualiteten gjennom berøring.

– Dersom ein berre lever ut sexlivet gjennom det som går føre seg i hovudet, kan ein gløyme at det kroppslege eksisterer.

Johnsen vil ikkje teikne eit einsidig negativt bilde av porno, og trur alle kan ha eit sunt forhold til det. Ho trur det kan vere lurt at par ser på porno saman, slik at det ikkje berre nytta i ein einsam samanheng.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)