Hopp til innhold

Mange dårlege garantiar. Samanlikn bilmerka her

Fleire bilimportørar misbrukar ordet garanti, og har ulovlege krav i vilkåra sine. Det viser ein test Forbrukerrådet har gjort av garantivilkåra på nye bilar hos dei 20 største bilmerka i Noreg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire av bilimportørane gir deg dårlegare garanti enn det du allereie har lovfesta rett på i forbrukarkjøpslova.

– Du blir lurt som forbrukar. Dette er for dårleg, seier direktør Randi Flesland i Forbrukerrådet.

Flesland stiller seg negativ til at det kun er tre av bilmerka i testen som lovar alt som står i forbrukarkjøpslova og i tillegg gjev noko ekstra (dei tre er Kia, Toyota og BMW).

– Det som er viktig for forbrukaren, er at garantien gjev noko ekstra utover reklamasjonsretten på fem år. Kun då er det ein reell garanti, seier Flesland.

Store forskjellar

Sjølv om alle dei norske importørane no lovar minimum fem års garanti ved nybilkjøp, er det store forskjellar på kva som blir dekka hos dei ulike merka.

I testen kom det fram at kun tre bilmerker hadde gode garantivilkår, 11 var middels gode og heile seks av merka hadde svake vilkår og betydelege unntak i sin garanti.

GODE GARANTIVILKÅR:

Bilforhandler

Kun tre merker har gode garantivilkår på nye bilar, ifølge Forbrukerrådets undersøking. (illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox
  • Kia
  • Toyota
  • BMW

MIDDELS GODE VILKÅR:

  • Volkswagen
  • Ford
  • Volvo
  • Skoda
  • Audi
  • Nissan
  • Hyundai
  • Subaru
  • Mazda
  • Suzuki
  • Fiat

SVAKE VILKÅR:

  • Opel
  • Honda
  • Mercedes
  • Peugeot
  • Mitsubishi
  • Citroen

Hjuloppheng, bremser og eksosanlegg er døme på delar som nokon bilmerker ikkje dekkar i sin fem års garanti, sjølv om ein som kunde skal ha fem års lovfesta reklamasjonsrett på desse.

Ulovlege krav

Fem av bilmerka (Mercedes, Hyundai, Peugeot, Opel og Citroen) har krav om bruk av merkeverkstad og/eller orginaldelar ved service for at garantien skal gjelde i sine vilkår. NAF-jurist Ine Jortun reagerer på dette.

– Ein kan ikkje stille som krav for at garantien skal gjelde at ein må nytte autorisert merkeverkstad ved service. Det er ulovleg og i strid med gruppeunntaksreglane, seier ho.

Jortun seier også at det ikkje er lovlig å krevje bruk av orginaldelar, her skal det halde at ein brukar delar av tilsvarande kvalitet.

NAF (Norges Automobil-Forbund) har gitt innspel og kommentarar til Forbrukerrådet under arbeidet med testen, og støttar konklusjonane.

Importørane svarar

NRK har bedt om kommentar frå alle importørane som omfattes av testen.

Opel, eit av bilmerka med dårlege resultat, skriv i ein kommentar at det er bra at ein set søkelys på eit så viktig tema som garanti- og reklamasjonsordningar.

Opel Norges klare holdning er at deira garanti til ei kvar tid skal vere i henhald til norske lovar og reglar. Importøren skriv at dei er i ferd med å forenkle og oppdatere sin kommunikasjon.

Opel peiker på at dette er kompliserte saker som lett kan medføre at innhaldet blir misforstått, og at dei fortløpande vil foreta dei korrigeringane som er naudsynte for at kommunikasjonen skal vere mest mogleg tilgjengeleg og forståeleg for kundar og andre.

Du kan ikkje stole på seljaren

I testen besøkte også Forbrukerrådet 30 butikkar som ein vanleg kunde. Det vart avdekka at mange seljarar gav feil informasjon på spørsmål om garanti.

Randi Flesland

- Bilbransjen må rydde opp, meiner Randi Flesland i Forbrukerrådet.

Foto: Knut Falch / Scanpix

Seks av 30 seljarar i testen sa at ein må nytte autorisert merkeverkstad ved service for at garantien skal gjelde.

Det kom også fram i testen at fleire av importørane kommuniserte anna informasjon på spørsmål frå Forbrukerrådet enn det dei skriv i eigne garantivilkår.

På konkrete spørsmål om kva delar som blir dekka av garantien, var det fleire merker som svarte at dei dekka delar dei har skrive at dei ikkje dekkar i sine garantivilkår.

– Her må bilbransjen rydde opp, seier Randi Flesland.

– Dette er dårleg respekt for forbrukarane, det at ein ikkje har lært opp seljarane betre, og ikkje har sikra det skriftlige materialet, slik at forbrukaren faktisk kan stole på det som står der, seier ho.

LES OGSÅ:

Vanskeleg å vite

Audun Bergerud, teknisk konsulent i NAF, er også overraska over denne dobbeltkommunikasjonen.

– Det blir spanande å sjå korleis bilbransjen vil praktisere vilkåra framover, meiner han.

Slik det er no, er det vanskeleg å vite for forbrukaren kva som faktisk gjeld. – Ein blir lurt som forbrukar. Dette må bilbransjen halde seg for god for, seier Randi Flesland.

- Lever av kundebehandling

Bilimportørenes Landsforening (BIL) meiner at garantiordningane gjennomgående praktiserast veldig bra ovanfor kundane.

– Det er kundebehandling vi lever av, og der skal vi være gode, seier teknisk direktør Tore Lillemork i BIL til NRK Forbrukerinspektørene.

Han meiner det er gledeleg at nybilgarantien har blitt kraftig forbetra i løpet av 2011.

– Alle merker har no klart mykje betre garantiordningar enn dei tidlegare har hatt. Det er svært positivt for kundane, seier Lillemork.

Undersøkinga viser at det framleis finst forbetringspunkt, ikkje minst når det gjeld informasjonen til kundane og opplæring av forhandlarane. Det tek bransjen på alvor.

– Dei merka som har garantiordningar som ikkje er i samsvar med lovverket, har meddelt oss at dei nå rettar opp i dette, seier Lillemork i ein kommentar til undersøkinga.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)