Hopp til innhold

Pølse utan kjøt smakar best

FBI har testa grillpølser. Konklusjonen er at pølse utan reint kjøt er best på smak.

Pølser

Berre ein i testpanelet synst pølsa frå Solvinge som er laga av reint kjøt smakte best.

Foto: Rune Hansen, NRK

Det er mange mytar om kva som blir putta i norske pølser. Sanninga er at det faktisk er stor variasjon frå produsent til produsent. Mengda av kjøt utgjer ofte den store skilnaden. Visste du forresten at nokon pølser er heilt utan reint kjøt?

Testkandidatar

kokker

Elevar ved kokkelinja på Etterstad Vidaregåande skule i Oslo.

Foto: Rune Hansen, NRK

FBI har i alt testa tre ulike typar grillpølser av kvitt kjøt. Dette er pølser som er laga av reint kjøt, og såkalla pølser med MUK.

MUK er ei forkorting for maskinelt utbeina kjøt . Altså kjøt som er att på skrotten etter slakting, og som blir malt opp til pølsedeig.

Her er testkandidatane:

  • Solvinge sine grillpølser som er laga av reint kjøt
  • Den Stolte Hane som berre inneheld MUK og ingenting reint kjøt
  • Prior sine grillpølser som inneheld mest MUK og litt reint kjøt

Elskar pølser

Testpanel

Karl Otto Skogly, drosjesjåfør.

Foto: Rune Hansen, NRK

Til å finne ut kva av pølsene som smakar best, sette vi saman eit breitt panel beståande av tre kokkar, ein drosjesjåfør og ti elevar ved kokkelinja på Etterstad Vidaregåande skule i Oslo.

- Det blir ikkje pølse kvar dag, da får eg juling når eg kjem heim. Men det blir ein del pølser i året, konkluderar Karl Otto Skogly, som til dagleg køyrer drosje for Oslo Taxi.

Han får støtte av kokkeelev Andreas Lillelid.

- Eg elskar pølse. Eg et pølse så fort det er ei pølse tilgjengeleg.

Krydderet avgjer

Men klarar ekspertane smake skilnad på pølsene? Dei tre pølsene blir servert på tre ulike fat merka med ulike bokstavar. Ingen av deltakarane får på førehand vite om kva pølse som blir testa. Berre at dei skal plukke ut den pølsa dei likar best.

- Krydderet utgjer ein så stor del av smaken at kjøtsmaken forsvinn litt. Men det ei pølse eg meiner har ein meir karakteristisk kjøtsmak, konkluderar Omar Viset, som mellom annan en kjend frå Sommeråpent på NRK, og no jobbar som kjøkensjef på Vestre Viken Ringerike sjukehus.

Likte pølser utan kjøt best

Omar Viset

Omar Viset, som mellom annan en kjend frå Sommeråpent på NRK, og no jobbar som kjøkensjef på Vestre Viken Ringerike sjukehus.

Foto: Rune Hansen, NRK

Likevel ser det ut som smaksløkane til den tidligare TV-kokken ikkje er til å stole på. Både han og fire andre likar pølsa frå Den Stolte Hane best. Det er den einaste pølsa i testen som er laga av berre MUK.

Åtte frå testpanelet likar Prior si pølse som er ei blanding av MUK og reint kjøt best. Berre ein i testpanelet synst pølsa frå Solvinge som er laga av reint kjøt smakte best.

- Eg fekk meg ein skikkeleg på trynet, og valte pølsa med berre MUK. Så det er klart at krydderet og måten ein lagar pølsa på, gjer at forbrukaren slit med å kjenne skilnaden på pølsene, slår Omar fast.

Pølseekesperten og drosjesjåfør Karl Otto Skogly likte pølsa frå Prior best.

- Det hadde jo vore fint om den hadde mest kjøt. Men alt som er godt er jo farleg, humrar drosjesjåføren.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)