Hopp til innhold

Den store el-duellen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Med betre plass, rekkevidde og sikkerhet hevdar andre generasjons elbil å vere ein reell konkurrent til vanlege småbilar. Klikk deg gjennom kortstokkane for å samanlikne dei mest spennande alternativa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Her har vi samla nokre av dei nye elektriske modellane på den norske marknaden. Klikk på bilkorta for å sjå lanseringsdato, ytelse og pris!

Som eit samanlikningsgrunnlag har vi også lagt inn to elbilar som allereie er kjende frå norske vegar frå før; Buddy og Think.

LES OGSÅ:

Gjennombrot i år?

For mange er elbil synonymt med små og usikre plastbilar, best egna som miljøalibi for dei politisk korrekte og statussymbol for rike og kjendisar som gjerne vil pynte seg med eit grønt image.

No er det som blir kalla andre generasjons elbil på den norske marknaden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Drivstoff

Diesel eller elektrisk? Forskjellen blir stadig mindre.

Foto: NRK

Tilhengarar og produsentar seier at 2011 blir gjennombrotet for elbilen, og hevdar at den no er blitt å rekne som ein ordentleg bil, konkurransedyktig på plass, sikkerhet, rekkevidde og design. Har dei rett?

Vi har prøvekjørt og testa om elbilen held det den lovar. Sjå video av testene nederst i artikkelen!

LES OGSÅ:

Duellen

Mitsubishi kasta seg rundt nyttår inn i kampen om småbilkundane med sin andregenerasjons elbil, iMiev. Fleire hundre iMiev er allereie seld og levert til norske kundar.

Men er dette ein reell konkurrent til småbilen med bensin- og dieselmotor? NRK Forbrukerinspektørene har testa korleis den nye Mitsubishi iMiev klarar seg i duell mot kjente og kjære VW Polo.

Testutgava av Poloen var ein såkalla Bluemotion. Med oppgitt forbruk på 0.33 l på mila, er den kjent som ein av dei gjerrigaste dieselbilane på markedet.

Både plass- og prismessig er dette to ganske like bilar. Poloen har ein startpris på om lag 200.000 kroner, medan elbilen frå Misubishi har ein prislapp på 239.900.

I løpet av to dagar på landevei og lukka bane testa vi drivstofføkonomi, akselerasjon, plass, rekkevidde, sikkerhet og køyreegenskapar. I reportasjane nedanfor kan du sjå resultatet!

Duell 1

Her testar vi rekkevidde og drivstofføkonomi:

Video El-bil vs. småbil (del 1)

Duell 2

Mange tenker på elbilen som usikker og lite trygg. Stemmer det?

Video El-bil vs. småbil (del 2)

Duell 3

Kan elbilen konkurrere på fart og akselerasjon? Sjå videoen og få svaret:

Video El-bil vs. småbil (del 3)

LES OGSÅ:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)