Blu-ray-spelarar under lupa
Dvd er ikkje lengre førstevalet for filmelskande feinschmeckerar. Vi har testa kva marknaden har å by på innan Blu-ray.
Publisert 07.10.2009 16:04. Oppdatert 07.10.2009 16:24.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det låg lenge an til ein bitter kamp mellom Blu-ray og HD-DVD for å bli det nye formatet for heimekinomarknaden.
Blu-ray trakk i fjor det lengste strået, og no byrjar folk for alvor å få augene opp for arvtakaren til dvd-plata: salet av Blu-ray var ti gonger så stort som dvd i formata sine introduksjonsår på den norske marknaden.
Panasonic og Denon gjekk sigrande ut av vår test av Blu-ray-spelarar i februar. No har ein ny generasjon kraftpluggar for høgoppløyseleg underhalding erobra marknaden.
Vi har kika nærare på utvalet av spelarar og komplette heimekinonalegg med Blu-ray.

LG BD370.
Foto: Lyd og BildePrisgunstig høgkvalitet
Ein Blu-ray-spelar er ikkje lengre ei kostbar investering, dei billigaste får du no for under 2.000 kroner. Prisen vil truleg stabilisere seg ein stad mellom 1.000 og 1.500 kroner over tid.
Ein kvalitetsspelar med topp yting med ekstra finesser treng ikkje å koste meir enn 4.000 kroner, og kvaliteten har vorte betrakteleg betre sidan dei første Blu-ray-spelarane kom på marknaden.
Du treng ikkje å tømme hylla di for dvd-plater heller, for desse får også forbetra biletkvalitet på Blu-ray-spelaren, sidan videoprosessorteknologien har utvikla seg mykje.
Skal du nytte ein enkel skjerm på 40 tommar, treng du ikkje å kjøpe den mest avanserte spelaren. Med større heimekinoanlegg vil du derimot kunne merke sjølv små skilnadar i kvalitet på bilete og lyd.

Testvinnaren blant spelarane: Panasonic DMP-BD80.
Foto: Lyd og BildeSoleklar vinnar blant spelarane
Lyd og Bilde har testa åtte fjerdegenerasjonsspelarar: LG BD370, Harman/Kardon BDP 10, Panasonic DMP-BD80, Pioneer BDP-LX52, Samsung BD-P3600, Pioneer BDP-120, Sony BDP-S360 og Philips BDP7300.
Best i test blir toppmodellen til Panasonic, DMP-BD80, med ein prislapp på overkommelege 4.000 kroner.
Denne scorar suverent best på biletkvalitet og funksjonalitet. Spesielt bra er spelarens sylskarpe bilete, som i motsetning til hos mange av konkurrentane ikkje blir forstyrra av raske rørsler på skjermen. Spelaren utmerkar seg også med klar og spenstig lydattgjeving.
DMP-BD80 imponerer i tillegg når det gjeld å hente fram detaljar i bilete på vanlege dvd-plater.
Alt i alt er testvinnaren frå Panasonic ein spelar som både vil tilfredsstille entusiastar, og som er rimeleg nok til at den kan appellere til førstegongskjøparar.
LG BD370 og Samsung BD-P3600 får heiderleg omtale som gode kjøp i testen, begge med ein prislapp på 3.500 kroner.

Samsung BD-P3600.
Foto: Lyd og BildeVariabel kvalitet på alt-i-eitt-anlegg
Er du på jakt etter eit komplett heimekinoanlegg med Blu-ray, byrjar det no å komme mange gode kandidatar på marknaden.
Lyd og Bilde har testa følgjande to- og femkanalsanlegg som inkluderer både Blu-ray-spelar, forsterkar og høgtalarar: Sony HTP-BD36SF, Samsung HT-BD7255R, Panasonic SC-BTX70, LG HB354BS, JVC NX-BD3, Pioneer LX03BD, Sony BDV-IT1000 og Pioneer LX1BD.

Testvinnaren blant alt-i-eitt-anlegg: Samsung HT-BD7255R.
Foto: Lyd og BildeFemkanalslyden er imponerande fin og balansert, og anlegget gjer ein god jobb, trass i at subwooferen er knøttliten.
Heimekinosystemet ser lekkert ut, og har «trådlause» bakhøgtalarar, slik at det blir færre sjenerande kablar på stovegolvet.
Samsung får trekk for manglande HDMI-inngang, noko som gjer at ein til dømes ikkje kan få kringlyd på Playstation 3, men blir alt i alt både best i test, og beste kjøp samanlikna med konkurrentane.
I øvre prisklasse får Pioneer heiderleg omtale, både LX03BD til 15.998 kroner og LX01BD til 24.995 kroner er anbefalte anlegg for dei som har eit litt større budsjett.
(Lyd og Bilde / NRK)Lenker
Se nett-tv
Hør nettradio
Neste sending: Puls
Puls
NRK1, mandag 13.2. kl. 19.45 | Legg i kalender[?]Programmet om helse og livsstil. Målet er idrett for alle. Derfor pumper Staten årlig halvannen milliard kroner inn i idretten. Men hvor godt lykkes idrettslagene i å holde nordmenn flest i aktivitet? Og hvorfor dropper ungdommene treninga så snart de blir tenåringer, spør programleder Helene Sandvig. Arrangørene av VM i snowboard mener andre idretter kan lære av dem, for ungdom blir værende i bakken hvis de bare får bestemme litt mer selv. (7:13)
Nett-TV
Kontakt
E-post: puls@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Forbrukerinspektørene
Forbrukerinspektørene
NRK1, onsdag 15.2. kl. 19.45 | Legg i kalender[?]Programmet som gjør deg til en bedre forbruker. Har du registrert ditt kredittkort for at barna dine skal spille Xbox Live? I så fall kan du gå på en økonomisk smell for podens spillaktiviteter. Forbrukerinspektørene ser nærmere på vilkårene til Microsoft som står bak Xbox. FBI har også testet videokameraer som brukes i skibakken og som enkelt kan laste opp videosnutten til YouTube etterpå. Hva bør du kjøpe? Programledere er Christian Strand og Marit Evertsen Grimstad. (7:13)
Nett-TV
Kontakt
E-post: fbi@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.




