Bør du takke ja til denne?

HPV-vaksinering av 12 år gamle jenter er omstridd. Her kan du lese råd frå fagfolk på begge sider av debatten.
Publisert 28.09.2009 17:37. Oppdatert 28.09.2009 18:01.
- Kommentarer
- Skriv ut
Vaksinen mot HPV-viruset som kan føre til livmorhalskreft, har lenge vore omstridd. Likevel tilbyr helsestyresmaktene i haust vaksinen til 30.000 jenter i sjuande klasse.
Tal NRK Puls har samla inn syner at under 80 prosent av norske foreldre føler seg trygge nok til å takke ja til vaksinen.
Vi har difor spurt to fagfolk om råd til norske foreldre som no skal velje om dei ønskjer å vaksinere borna sine.
Ole Alexander Opdalshei er assisterande generalsekretær i Kreftforeininga. Han meiner foreldre bør takke ja til HPV-vaksinering av døtrene sine i haust.
Marte Walstad er allmennlege ved Ranheim legesenter i Trondheim, og medlem av Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helsetenesta. Ho var ein av tre i Prioriteringsrådet som gjekk mot fleirtalet på 19, då rådet i fjor gjekk inn for ei anbefaling av HPV-vaksinering i Noreg.
- Hadde ikkje vaksinert dottera mi
Vil du anbefale norske foreldre å takke ja til vaksinering?
Opdalshei: - Ja. Dette er ei effektiv vaksine mot ei alvorleg kreftform, med mellom 75 og 100 dødsfall i Noreg kvart år. 40 millionar doser har blitt nytta verda over, utan alvorlege biverknadar. Vaksinen har blitt vurdert av fagpersonell i mange land, ei breidt samansett ekspertgruppe i Folkehelseinstiuttet har gått inn for vaksinen, og Kunnskapssenteret har slått fast at dette vil ha positive samfunnsøkonomiske konsekvensar. Vaksinen kan også behandle kreft på tidlege stadium, noko som kan hindre at komplikasjonar ved svangerskap.
Walstad: - Nei, hadde det vore mi dotter, hadde eg ikkje ville ha vaksinert henne. Eg synest vi har for lite kunnskap og for få studiar som syner om denne vaksinen har verknad på kreft. Og vi veit ikkje nok om biverknadane. Dette burde vi ha nytta meir tid på før vaksinen blei innført. Ingen andre av vaksinene vi nyttar i Noreg i dag er vi usikre på om fungerer eller ikkje.
- Ingen alvorlege biverknadar

Ole Alexander Opdalshei, Kreftforeininga.
Foto: KreftforeningenKva er faren for biverknadar ved denne vaksinen?
Opdalshei: - Det er ein viss risiko ved å ta alle vaksiner. Men det å kunne førebyggje ein kreftsjukdom, er ei mogelegheit til å i alle fall gjere noko. Biverknadane inneber ingen helserisiko av alvorleg karakter, men det er sjølvsagt viktig å få ut god informasjon til foreldre om kva dei skal velje. Det som har kome for dårleg fram, er at det har vore veldig mange fagfolk inne og vurdert og kvalitetssikra denne vaksinen.
Walstad: - Vaksinen er vel knapt testa ut på 12-åringar før, og langtidsperspektivet vi har på uttesting så langt er 6-8 år. Det vil gå tiår før vi ser kva konsekvensane er på sikt, og difor er dei faktiske biverknadane framleis usikre. Når vaksinen blir gjeven til heile folket, vil det også bli vanskeleg å sjå kva som eventuelt berre rammar dei som har fått vaksinen. I Finland avventar helsestyresmaktene innføring av vaksinen til ein har forska meir på verknadane. Dette synest eg hadde vore riktig å gjere i Noreg også.
- Sterke økonomiske interesser bak
Vaksinen har vore omstridd, og mange foreldre føler dei veit for lite til å bestemme seg – har innføringa av vaksinen gått riktig føre seg?
Opdalshei: - Eg skjønar at enkelte synest det er vanskeleg å bestemme seg, men når fleire årskull har teke vaksinen over tid, vil nok fleire bli tryggare på den. Når det syner seg at vaksinen fungerer, kan ein snu på det – hadde det ikkje vore etisk feil å ikkje innføre vaksinen når den reddar liv? Dette har vore ein lang prosess som folk kan vere trygge på at har gått føre seg på ein god måte.

Marte Walstad, fastlege.
Foto: Prioriteringsrådet- Kan vere for seint å vaksinere seg seinare
Det kostar nesten fire tusen kroner å ta vaksinen på eit seinare tidspunkt. Utgjer ikkje dette eit ekstra press på foreldre som skal bestemme seg om dei ønskjer å ta vaksinen gratis no?
Opdalshei: - Det er mange som vil vere i faresonen for viruset, så dersom ein vil vere sikker på at vaksinen skal ha effekt må ein ta stilling til den no, før desse jentene blir seksuelt aktive. Ønskjer ein å ta vaksinen når ein er 30 år, kan det vere for seint. Det kan nemleg ta lang tid frå ein får virusinfeksjonen til kreften utviklar seg.
Walstad: - Den høge vaksineprisen legg heilt klart eit ekstra press på foreldra, som heller ikkje får særleg lang tid til å bestemme seg på. Eg trur også det er vanskeleg for helsesystrene som skal gje vaksinen å svare på spørsmåla frå foreldra. Vi som helsepersonell følgjer så klart dei retningslinjene som kjem, men om nokon spør meg personleg, ville eg ha fått problem med å forsvare dette.
(NRK)Se nett-tv
Hør nettradio
Neste sending: Puls
Puls
NRK1, mandag 13.2. kl. 19.45 | Legg i kalender[?]Programmet om helse og livsstil. Målet er idrett for alle. Derfor pumper Staten årlig halvannen milliard kroner inn i idretten. Men hvor godt lykkes idrettslagene i å holde nordmenn flest i aktivitet? Og hvorfor dropper ungdommene treninga så snart de blir tenåringer, spør programleder Helene Sandvig. Arrangørene av VM i snowboard mener andre idretter kan lære av dem, for ungdom blir værende i bakken hvis de bare får bestemme litt mer selv. (7:13)
Nett-TV
Kontakt
E-post: puls@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Forbrukerinspektørene
Forbrukerinspektørene
NRK1, onsdag 15.2. kl. 19.45 | Legg i kalender[?]Programmet som gjør deg til en bedre forbruker. Har du registrert ditt kredittkort for at barna dine skal spille Xbox Live? I så fall kan du gå på en økonomisk smell for podens spillaktiviteter. Forbrukerinspektørene ser nærmere på vilkårene til Microsoft som står bak Xbox. FBI har også testet videokameraer som brukes i skibakken og som enkelt kan laste opp videosnutten til YouTube etterpå. Hva bør du kjøpe? Programledere er Christian Strand og Marit Evertsen Grimstad. (7:13)
Nett-TV
Kontakt
E-post: fbi@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.




