Hopp til innhold

Bakteriar på frammarsj

Nye antibiotika er ikkje i stand til å bekjempe framveksten av motstandsdyktige bakteriar.

Stafylokokker
Foto: Øystein Brorson, Sykehuset i Vestfold

Heilt sidan den britiske legen Alexander Fleming snubla over Penicillin i 1928, har antibiotika vore vårt viktigaste middel mot bakterieinfeksjonar.

Men medisinen som har redda millionar av liv, har i nyare tid blitt stadig mindre effektiv, grunna framveksten av multiresistente bakteriar som ikkje let seg stoppe av antibiotika.

No slår ein fersk EU-rapport alarm. Motstandsdyktige bakteriar er på kraftig frammarsj i Europa, og medisinen som skal stoppe dei er ikkje god nok.

Titusenvis døyr kvart år

29 europeiske land, inkludert Noreg, har vore med i den første kartleggjinga av bakterietrusselen, og undersøkjinga har gått over fem år.

Motstandsdyktige bakteriar finst i alle landa, og i enkelte land står kvar fjerde person i fare for å få alvorlege infeksjonar.

Kvart år døyr 25.000 menneske i europeiske land av multiresistente bakteriar, med gule stafylokokkar som den vanlegaste syndaren.

- Verre enn vi trudde

Gule stafylokokker

Gule stafylokokkar.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Det alvorlegaste er likevel ikkje framveksten av bakteriar, men mangelen på medisin.

Sidan bakteriane gradvis blir motstandsdyktige mot alle typar antibiotika som blir nytta, må det utviklast stadig nye typar.

Men av 90 nye typar antibiotika som er testa i rapporten, er det 75 berre resirkuleringar av gamle metodar. Dessutan er alle preparata i tidleg utvikligsfase, og berre 1 av 20 vil bli kommersielle produkt.

Mot tarmbakterien ESBL, som brer om seg med urovekkjande fart i Europa, finst det i rapporten berre to preparat.

- Situasjonen er verre enn vi trudde, seier professor Otto Cars ved nettverket mot antibiotikaresistens, Strama, til Svenska Dagbladet.

For lite lønsamt å lage medisin

Petter Elstrøm

Petter Elstrøm.

Foto: Folkehelseinstituttet / Folkehelseinstituttet

Rådgjevar ved Folkehelseinstituttet, Petter Elstrøm, bekreftar at problemet ligg i bruken og utviklinga av antibiotika.

- Sidan nittitalet har det blitt utvikla færre og færre typar nye antibiotika. Legemiddelindustrien har vanskeleg for å drive kommersielt, når produkta mister effekt etter få år. Statleg delfinansiering må kanskje til for å snu dette.

Elstrøm fortel at reseptfritt overforbruk av antibiotika i Sør-Europa, fører til at bakteriane blir raskare resistente mot fleire typar medisin.

Og bakteriane kjem ofte til Noreg frå utlandet.

Noreg godt rusta, men kan bli råka

Også i Noreg er bakteriane på frammarsj, men det finst berre nasjonale tal for den hittil vanlegaste typen, gule stafylokokkar (MRSA).

I 2008, blei det registrert 472 tilfelle, medan talet så langt i år allereie er 564. Av desse er 223 smitteberarar, og 249 infisert av gule stafylokokkar.

30-40 prosent av oss går rundt med bakterien på huda, men den blir først farleg dersom den får trengje gjennom vevet ved til dømes operasjonar. Difor har MRSA lenge vore kjent som ein sjukehusbakterie.

Noreg står likevel godt stilt i forhold til andre land. I 2008 fekk berre 13 nordmenn alvorlege infeksjonar.

- Norske sjukehus er gode på å hindre spreiing og overmedisinering, noko som gjer at vi står betre rusta no enn mange andre land. Men sidan bakteriane ofte kjem frå utlandet, og antibiotikabruken på verdsbasis svekkar forsvaret i alle land, er ikkje Noreg upåverka av den aukande trusselen i Europa, seier Elstrøm.

- Handlar om å beskytte dei svakaste

Antibiotika

Antibiotika.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Målet med rapporten, er å setje politisk søkjelys på gapet mellom utviklinga av resistente bakteriar, og utviklinga av nye medisinar.

Det blir jobba for at EU skal lage eit nytt system for utvikling av legemiddel, samt å ta del i finansieringa, sidan legemiddelindustrien i dag ikkje er aktiv nok innan antibiotikaframstilling.

- Dei motstandsdyktige bakteriane rapporten peikar på er nokså ufarlege for folk flest. Alvorlege infeksjonar vil først og fremst råke pasientar på sjukehus, og ikkje friske i samfunnet. Men dette er likevel ikkje eit ubetydeleg problem. Det handlar om å beskytte dei svakaste i samfunnet, seier Elstrøm i Folkehelseinstituttet.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)