Desse strålar for mykje

FBI har inspisert norske solarium. Vi fant solstudio som brukte ulovlege røyr. Og ei solseng strålte så mykje at Statens Strålevern ville stengt den umiddelbart.
Publisert 27.05.2009 15:05.
- Kommentarer
- Skriv ut
Halvparten av norske solarium gir meir stråling enn det som er lovleg. Det synte ei undersøking Statens Strålevern gjorde på over 400 norske solarium i fjor haust. 17 solarium strålte så mykje at det var fare for akutt forbrenning. Disse vart stengt på staden.
Stengt på staden
Bransjen lovde betring. Forbrukarinspektørane bestemte seg for å finne ut om dette var sant, og har dei to siste vekene gjort stikkprøvekontrollar på ulike solsenger i Oslo, Akershus og Østfold.
Også vår kontroll avdekka at rundt halvparten gir for mykje stråling. I ei solseng hjå Megasun i Moss fant vi mellom anna røyr som stråler så mykje at Statens Strålevern har lagt ned forbod mot å bruke denne røyrtypen i Norge.
Hjå Hawaii Solstudio i Sarpsborg fant vi ei solseng som strålte opp mot det doble av det som var lovleg.
- Hadde vi funnet same resultatet, så ville vi nok stengt denne solsenga på staden. Det er vel kjent at sterk stråling aukar riskoen for hudkreft, seier Lill Tove N. Nilsen som er forskar ved Statens Strålevern.
| Resultat frå FBIs stikkprøver |
|---|
Disse strålte alt for mykje:
|
Disse oversteig grenseverdien:
|
Disse strålte ikkje for mykje:
|

FBI granskar strålingsstyrken.
I 2004 overtok kommunane ansvaret med å føre tilsyn med solstudio frå Statens Strålevern. Men førebels er det berre halvparten av dei norske kommunane som utfører dette arbeidet.
Lill Tove N. Nilsen meiner at vår stikkprøvekontroll avdekkar at det framleis er store avvik i norske solstudio. Strålevernet har bede regjeringa innføre 18-års aldersgrense og krav om bemanning på alle solstudio, slik Frankrike, Skottland og Australia alt har.
Useriøse aktørar
Ronny Rath Pedersen som er formann i Norsk Solariumforening vedgår at det finst for mange useriøse aktørar i bransjen. Men han avviser blankt at 18-års grense og krav om bemanning er løysinga.
- Bemanningskrav vil først og fremst medføre at 80 prosent av solstudioa forsvinn, fordi det blir for dyrt. Dette vil opne for ein illegal marknad som er heilt utan kontroll. Dessutan kan man aldri kontrollere solarium som folk har i heimen, seier Pedersen.
Fryktar du hudkreft frå solarium?
Fleire kontrollar
Sidan 2004 er det kommunane som skal utføre tilsyn med solarium. Men førebels skjer dette berre i halvparten av norske kommunar.
Ronny Rath Pedersen meiner dette viser at kommunane sine kontrollar er mislykka, og at Strålevernet sitt krav om bemanning først og fremst er eit forsøk på å bli kvitt mange solstudio.
- Viss alle visste at politiet ikkje hadde fartskontrollar, så hadde nok dei fleste av oss køyrt langt raskare. Sånn er det med enkelte solstudio også.
- Når dei veit at dei ikkje blir kontrollert eller sanksjonane er for dårlege, så bryr man seg heller ikkje med å holde forskriftene, seier Pedersen. Han understrekar at dei som bransje er opptatt av at dei useriøse aktørane forsvinn.
- Skal vi få til det, så må vi ha fleire kontrollar og strengare sanksjonar. Det hjelper ikkje med strengare regelverk, meiner Pedersen.
Forslaget frå Statens Strålevern om bemanning og 18-års grense er no til handsaming hjå regjeringa. Det er venta at eit forslag vil bli sendt ut på høyring før sommaren.
Tester (FBI)
Se nett-tv
Hør nettradio
Neste sending: Puls
Puls
NRK1, mandag 13.2. kl. 19.45 | Legg i kalender[?]Programmet om helse og livsstil. Målet er idrett for alle. Derfor pumper Staten årlig halvannen milliard kroner inn i idretten. Men hvor godt lykkes idrettslagene i å holde nordmenn flest i aktivitet? Og hvorfor dropper ungdommene treninga så snart de blir tenåringer, spør programleder Helene Sandvig. Arrangørene av VM i snowboard mener andre idretter kan lære av dem, for ungdom blir værende i bakken hvis de bare får bestemme litt mer selv. (7:13)
Nett-TV
Kontakt
E-post: puls@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Forbrukerinspektørene
Forbrukerinspektørene
NRK1, onsdag 15.2. kl. 19.45 | Legg i kalender[?]Programmet som gjør deg til en bedre forbruker. Har du registrert ditt kredittkort for at barna dine skal spille Xbox Live? I så fall kan du gå på en økonomisk smell for podens spillaktiviteter. Forbrukerinspektørene ser nærmere på vilkårene til Microsoft som står bak Xbox. FBI har også testet videokameraer som brukes i skibakken og som enkelt kan laste opp videosnutten til YouTube etterpå. Hva bør du kjøpe? Programledere er Christian Strand og Marit Evertsen Grimstad. (7:13)
Nett-TV
Kontakt
E-post: fbi@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.




