Hopp til innhold

Sexavhengigheit kan verte ein diagnose

Verdas helseorganisasjon (WHO) vurderer å opprette sexavhengigheit som ein diagnose. – Svært subjektivt kor mykje sex som er for mykje, meiner sexolog Svein Øverland.

Illustrasjonsfoto av par

Addiktolog Espen Andresen meiner samfunnet gjer at stadig fleire får intimitetsforstyrringar.

Foto: Patrice LAPOIRIE / PHOTOPQR/NICE MATIN

Verdas helseorganisasjon (WHO) vurderer å anerkjenna hyperseksualitet, eller sexavhengigheit, som ein sjukdom i den neste diagnosemanualen, som kjem i 2015. Dette er den manualen Noreg og andre europeiske land nyttar.

Det kan då verte ein avhengigheit, saman med mellom anna alkoholisme, ludomani (spelegalskap) og narkomani.

– Spørsmålet er under behandling, om det kan verte ein avhengigheit, kjem an på drøftingane frå relevante ekspertar, seier Gleen Thomas, pressetalsmann i WHO til den danske nettstaden Politiken.

Alle litt avhengige

På Institutt for klinisk sexologi og terapi (IKST) nyttar dei ikkje omgrepet sexavhengigheit.

John Nikolaisen

Sexolog John Nikolaisen er kritisk til å blande seksualmoral inn i diagnosemanualen.

Foto: NRK

– Det er problematisk å blande diagnosar og seksualmoral, meiner John Nikolaisen, spesialist i klinisk psykologi og sexologi ved IKST, til NRK.no.

Han peikar òg på problema ved å lage ein avhengigheitsdiagnose av eit allereie biologisk behov.

– Namnet sexavhengigheit er eit problem av di det er noko me alle til ein viss grad er, seier Nikolaisen.

Han meiner at ein slik diagnose vil fokusere for mykje på symptoma, som er eit sexdriv så sterkt at det går ut over andre delar av livet. Oftast er det ei bakanforliggjande orsak som utløyser det sterke behovet for sex.

– Det kan til dømes gje seg utslag i utruskap, at ein person heller sit og onanerer til porno enn å vere med familien, eller at ein vel å skulke jobb på grunn av sex, seier Nikolaisen.

Frå sin praksis har han erfaringar med at personar som synest å vere avhengige av sex eigentleg nyttar det som eit middel for å dekkje andre sakn. Det kan til dømes vere at ein slit med einsemd, sjølv om ein har eigen familie, eller at ein har opplevd å verte avvist i barndommen.

– Personar som slit med at sex tek over kvardagen kjenner eit ubehag når dei ikkje får dekkja dette behovet. Det er viktig at dei får kjenne på dette ubehaget og finn opphavet til problemet, seier Nikolaisen.

Han meiner at det viktigaste ikkje er korleis ein diagnostiserer, men at personar som opplever at seksuallivet deira går ut over kvardagslivet oppsøkjer hjelp.

Mot straumen

I USA vart forslaget om å innføre sexavhengigheit som diagnose førebels nedstemt, trass i mykje lobbyverksemd for den nye diagnosen.

På folkemunne har ein ofte kalla sexavhengigheit nymfomani hjå kvinner og satyriasis hjå menn. Særleg nymfomani er eit belasta omgrep, medan den mannlege versjonen satyrasis er mindre omtalt.

Satyriasis og nymfomani har ein plass i den europeiske diagnosemalen, under diagnosen seksuell dysfunksjon og forsterka seksualdrift. Ifølgje sexolog og psykolog Thore Langfeldt er desse omgrepa svært uvanlege.

Sexolog Thore Langfeldt

Sexolog Thore Langfeldt er kritisk til å diagnostisere sexavhengigheit.

Foto: Henrik Myhr Nielsen/ Helge Tvedten / NRK

Langfeldt meiner at å diagnostisere sexavhengigheit er ein amerikanisert måte å sjå seksualitet på. Han fortel at ein i USA ser mange døme på dyre behandlingar av sexavhengige som ikkje fungerer.

– Det amerikanske samfunnet pregast av ein seksualfiendtleg reproduksjonsdiskurs. Det er viktig at me ikkje lar dei dominere dette feltet, då den europeiske tilnærminga er vesentleg sunnare, seier Langfeldt, til NRK.no.

Svein Øverland er sexolog og psykolog. Han trur ikkje at sexavhengigheit vert ein diagnose.

– Debatten rundt om sexavhengigheit skal verte ein diagnose går imot trenda i samfunnet, som er at ein har fjerna fleire seksuelle diagnosar, seier Øverland.

Han er kritisk til å sjukeleggjere normal variasjon og peikar på at kor mykje sex som er for mykje er svært subjektivt.

Meir sexavhengigheit

Eigar av Addictologiakademiet i Oslo, Espen Andresen, anslår at han årleg behandlar rundt 70 personar som er sexavhengige, eller har intimitetsforstyrringar.

Addiktologi er læra om avhengigheit og addiktologane ved akademiet behandlar ulike typar avhengigheit, samt pårørande av avhengige, i samtalegrupper saman.

– Det kan vere greitt å få ein diagnose kalla sexavhengigheit, fordi ein då erkjenner at det er eit reelt problem. Me opplever at det vert stadig meir intimitetsforstyrringar, seier Andresen.

Han fortel at mange av dei som oppsøkjer han har opplevd at ikkje helsepersonell tek deira problem på alvor. Han anslår at rundt 70 prosent av dei som kjem til akademiet for å få hjelp med sexavhengigheit er menn.

– Kvinner er oftare relasjonsavhengige og kan overskride eigne seksuelle grenser for å få tilfredsstilt dette, seier Andresen.

Han peikar på at det ikkje er diagnostiseringa i seg sjølv, men kva behandling dei får som er det viktigaste.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)