Hopp til innhold

– Å bli frivillig var redninga

Fleire og fleire melder seg som frivillige for å hjelpe andre. Men det kan også vere ei hjelp i seg sjølv. Bjørn Sæther blei frivillig i Røde Kors, og unngjekk eit liv som einsam pensjonist.

Ketil Nygård og Bjørn Sæther i Nettverk etter Soning

GIR MEINING: Bjørn Sæther (t.h.) fekk tilført mål og meining med livet som frivillig i Røde Kors. Her saman med koordinator i Nettverk etter soning, Ketil Nygård.

Foto: Susanne Egset / NRK

Bjørn Sæther jobba tidlegare i hotell- og restaurantbransjen. Etter å ha klokka ut for siste gong, blei kvardagen einsam og tom.

Men det var ikkje aktuelt å søke hjelp. Som pensjonist har han funne seg ein måte å hjelpe seg sjølv på, nemleg med å hjelpe andre.

– Byrja å få nervar

Som ein sprek 62-åring fann Bjørn Sæther seg plutseleg i ein situasjon der han ikkje lengre hadde eit mål og ei meining med kvardagen.

– Eg har vore tilsett i hotell- og restaurantbransjen i 24 år. Dei 22 første åra var gode, men dei siste to åra byrja eg å få vanskar på jobben. Eg blei sjukmeld, og det enda til slutt med at eg blei AFP-pensjonist i ein alder av 62, fortel han.

– Eg hadde ei venninne, og vi brukte å gå på kjøpesenteret, kjøpe oss kaffi og lese aviser, og så reiste eg heim for å høyre Her og Nå på radioen klokka 15.00. Det var liksom dagen min, seier han.

Saka held fram

Bjørn Sæther

VARTAR OPP: Bjørn Sæther finn stor glede i å jobbe som frivillig i Nettverk etter soning, og trivst godt med å lage mat og delta i aktivitetar for brukarane.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Røde Kors ville ha meg

Han lengta etter å gjere noko som gav meining.

– Det blei ganske tomt og eg byrja å få nervar. Men så tok eg kontakt med Røde Kors fordi eg tenkte eg kunne bidra med noko, og dei ville ha meg, seier han.

Gjennom Røde Kors har Bjørn jobba med både eldre og uføre, og dei siste åra har han vore frivillig i Nettverk etter soning, eit tilbod for tidlegare innsette i regi av Røde Kors og kriminaltenesta.

– Det er ein veldig spesiell og interessant arbeidsplass. Eg har fått vener her, eg lærer mykje om folk og eg trivst. Både dei frivillige og brukarane er på ein måte blitt kompisgjengen min, seier han.

– Å kome inn i Røde Kors og å hjelpe andre, det hjelpte meg veldig, fortel Bjørn.

Nettverk etter soning har om lag 140 frivillige, og 200 brukarar. Koordinator Ketil Nygård seier det er godt å ha frivillige som Bjørn i organisasjonen.

– Ein utvidar horisonten sin

– Bjørn er eit fint medmenneske, og har gjort seg fortent til tittelen «superfrivillig». Han er ein reser på kjøkkenet, og ein flink støttespelar for brukarane våre, seier han, og legg til sine eigne tankar om årsakene til at folk melder seg som frivillig.

Saka held fram

Ketil Nygård i Nettverk etter soning

GIVANDE: Ketil Nygård, leiar i Nettverk etter soning, seier at å jobbe som frivillig er ein måte å utvide horisonten sin på.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Eg har inntrykk av at frivilligheita særleg i Oslo er ganske stor. Det er gjerne innflyttarar som søker å bli kjent med nye menneske, eller folk som jobbar utelukkande resultatorientert som treng noko meir givande og medmenneskeleg å bruke tida si på, fortel han.

– Ein utvidar horisonten sin enormt med å jobbe som frivillig, seier han.

Fleire frivillige enn brukarar

Fleire ideelle organisasjonar melder om ein jamn auke i talet på frivillige. Norsk Folkehjelp har hatt ein auke på 40 prosent dei siste tre åra, og merka særleg ein auka interesse for frivillig arbeid etter 22. juli.

Det same gjorde Røde Kors, som nådde ein topp i jula 2012. Det store fokuset på einsemd gjorde at det var fleire som ville invitere folk heim på julefeiring, enn folk som ønska nokon å feire med.

– Under julekampanjen vår såg vi at vi hadde fire gongar så mange folk som ville vere vert for einsame, enn folk som ønska å besøke nokon, seier Marianne Wellen i Røde Kors.

– Skal vere tøff for å innrømme einsemd

Sjølv om talet på frivillige går jamt oppover i alle distrikta i Noreg, avviser ho at behovet for hjelp går ned, og seier det heller kan ha noko med at det er vanskeleg å spør om hjelp.

Bjørn Sæther

RIKARE LIV: Bjørn Sæther lagar mat og deltek i aktivitetar saman med tidlegare innsette fleire dagar i veka, og seier det har gitt han eit rikare liv.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Ein skal vere ganske tøff for å seie at ein er åleine og vil besøke ukjende folk på julaftan, det er ein ganske høg terskel for det, held ho fram.

Ho forstår at det kan vere enklare å melde seg som frivillig enn som brukar dersom ein kjenner at ein er einsam og vil ha eit sosialt nettverk.

– Som frivillig lærer ein mykje, og ein får eit stort sosialt nettverk av folk som ønskjer å bidra til å utvikle samfunnet positivt, seier Wellen.

– Frivillige knyter tette band

Norsk Folkehjelp ser same tendensen.

– I tillegg til eit brennande ønske om å hjelpe andre, er det nettopp behovet for eit sosialt nettverk som får mange til å melde seg som frivillig, seier Øystein Bryhni i Norsk Folkehjelp.

Folkehjelpa har til ein kvar tid 2000 frivillig hjelpemannskap på vakt.

– Vi ser blant våre medlemar at dei knyter tette band. Dersom noko skjer med deg så har du folk som støttar deg i det frivillige nettverket. Å arbeide som frivillig er sjølv eit tiltak mot eiga einsemd, held Bryhni fram.

Har for mange frivillige

Ein organisasjon som er blitt slått over ende av frivilligbølgja som skyl over landet, er Telefonkontakt for eldre og uføre.

Saka held fram

Arnulf Andersen

MANGLAR BRUKARAR: Leiar i Telefonkontakt for eldre og uføre, Arnulf Andersen, fortel at dei har fleire frivillige enn brukarar.

Foto: Susanne Egset / NRK

Tenesta er til for folk som vil bruke telefonen for å ha kontakt med andre, og dei opplever no å ha fleire frivillige enn brukarar.

– Dette er tal som varierer, men akkurat no så manglar vi faktisk brukarar. Vi har fleire telefonvener enn folk som vil bli ringt til, seier dagleg leiar Arnulf Andersen.

Han trur årsaka kan vere at det er vanskeleg å innrømme at ein er einsam, men legg til at telefonkontakt gir glede i begge endane av tråden.

– Treng ikkje å føle skam

– Det å seie at ein er einsam kan vere frykteleg vanskeleg. Men tilbakemeldingane vi får både frå frivillige og brukarar er overveldande positive, seier han.

– Det er ei gjensidig glede i det å vere både telefonkontakt og brukar av tenesta, fortel han.

Øyvind Wold

INGEN SKAM: Øyvind Wold seier det er ingen skam å ville ha kontakt med andre, og oppmodar folk til å ta kontakt med Telefontenesta for eldre og uføre.

Foto: Susanne Egset / NRK

Øyvind Wold er koordinatoren som set folk i kontakt med kvarandre gjennom Telefonkontakt for eldre og uføre.

Han seier det kan vere hundre forskjellige årsaker til at ein ønskjer å melde seg som anten frivillig eller brukar av tenesta.

– Ein treng ikkje å føle noko skam for å seie at ein gjerne vil prate med nokon ein gong i veka. Folk som er frivillige her er spennande menneske med mykje å fortelje, og det kjem aldri noko anna enn godt ut av det for begge partar, seier han.

  • LES OGSÅ:

Behovet for kontakt med andre menneske kan ha mange årsaker.

For Bjørn Sæther var det lettare å melde seg som frivillig, og minst like nyttig for han sjølv som det er for andre.

– Eg har fått eit rikare liv av å vere frivillig, i aller høgste grad. Eg har fått tilbake trua på meg sjølv, seier han.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)