Hopp til innhold

Spørsmål og svar om sesongens influensavirus

Dette bør du veta om influensaen som herjar denne sesongen.

Influensa

Torsdag 3.januar kjem Folkehelseinstituttet med den første overvakingsrapporten av influensa etter jul.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Kva typar influensa pregar denne sesongen?

Det sirkulerer tre ulike influensavirus denne sesongen:

  • Influensavirus A (H3N2)
  • Influensavirus type B
  • Influensa A / Svineinfluensa (H1N1)

Svineinfluensaviruset frå pandemien i 2009 har no blitt eit vanleg sesonginfluensavirus og har vorte påvist kvart år sidan pandemien. Det er førebels for tidleg å slå fast kva for eit av dei tre virusa som gjer flest nordmenn influensasjuke denne vinteren.

Kva er typiske svineinfluensasymptom?

Symptom ved svineinfluensa liknar på symptoma som oppstår ved vanleg influensa: feber, muskel- og leddsmerter, kroppsverk, hovudpine, vond hals, hoste og generell nedsett allmenntilstand. Einskilde får også diaré og oppkast.

Forkjøling og influensa er dessutan to ulike ting. Forskjelen er i hovudsak at forkjølinga ofte kjem gradvis, medan influensaen kjem som lyn frå klar himmel. Feber er også et av dei beste sjekkpunkta for om ein har influensa.

Det er sjeldan at friske personar utanfor risikogruppene får alvorlege komplikasjonar under/etter influensasjukdomen.

Korleis veit ein om ein har svineinfluensa eller vanleg influensa?

Legevakta kan ikkje gje eit umiddelbart svar på kva type influensa du har. Legen må ta prøvar og senda dei inn til analysering. Virusprøvar frå nase eller hals eller ein blodprøve kan påvisa influensavirus.

Virusprøver

Virusprøvar blir analyserte i eit laboratorium for å påvisa svineinfluensa.

Foto: Anders Fehn / NRK

Kor lenge varar influensasjukdomen? Kva kan ein gjera for å bli raskare frisk?

Influensaen varar vanlegvis i 7-10 dagar. Det er ikkje mogleg å jaga viruset ut av kroppen, men du kan redusera ubehaget ved å halda senga, ta febernedsetjande medisin og skylja nasegangar og luftvegar med saltvatn.

Kva tid bør ein oppsøkja lege?

Du bør kontakta lege dersom du er i ei av risikogruppene, om du har influensasymptom og har hatt høg feber i meir enn ei veke, dersom feberen vender tilbake etter at du har vorte friskare eller om allmenntilstanden din er sterkt svekt.

Kva kan ein gjera for å unngå å bli sjuk?

Vask hendene ofte, bruk handdesinfeksjon og unngå å ta deg til munnen, nasen eller augo med uvaska hender.

Vaksinér deg dersom du er i risikogruppene (sjå neste punkt). Årets sesongvaksine motverkar alle dei tre sirkulerande influensavirusa - også H1N1-viruset.

Kven bør vaksinera seg?

  • Personar som er 65 år eller eldre
  • Dei som bur i omsorgsbustader og på sjukeheimar.
  • Gravide
  • Vaksne og barn med kroniske luftvegssjukdommar eller kroniske hjarte- og karsjukdommar.
  • Vaksne og barn med nedsett immunforsvar
  • Vaksne og barn med kronisk nyresvikt, kronisk leversvikt eller kronisk nevrologisk sjukdom/skade
  • Vaksne og barn med alvorleg fedme
  • Helsepersonell som kan smitta pasientane sine

Kva tid når utbrotet toppen?

Talet på influensasjuke nordmenn auka frå midten av desember 2012. FHI ventar at talet vil halda fram med å stiga utover i januar.

Folkehelseinstituttet overvakar kvar vinter influensaasituasjonen. Det skjer ved at 201 legekontor rundt om i heile landet rapporterer inn kor stor del av pasientane som har fått fiagnosa influensaliknande sjukdom.

Torsdag 3.januar kjem den første overvakingsrapporten frå FHI etter jul.

Generelle råd frå FHI:

  • Ta influensavaksina dersom du er i risikogruppa
  • Unngå å hosta på andre dersom du er sjuk
  • Ha låg terskel for å kontakta lege dersom du blir sjuk og høyrer heime i ei av risikogruppene
  • Pass på at sjuke born får i seg nok drikke og næring. Ta kontakt med lege dersom barnet verkar uttorka, tungpusta og vanskeleg å få kontakt med.

Kjelde: Folkehelseinstituttet (FHI), NTB, medisinsk personell

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)