Hopp til innhold

– Nordmenn er varme

Mens solhungrige nordmenn flykter sydover frå regn og kulde, flykter spanjoler til Norge for ei betre framtid. Pablo Berzal er ein av få som har lykkast her.

Pablo hele familien

Den spanske familien Pablo Berzal, Leo (her 1), Victoria Hermosa og Lola (her 4) flytta til Norge i mai i fjor for å finne ei ny framtid her.

Foto: Svend Even Hærra

Den europeiske finanskrisa har tvinga syd-europeiske familier til å forlate sine heimland.

Berre frå 2011 til 2012 har talet på «flyktningar» frå Syd-Europa til Norge auka med 35 % (SSB).

Spanjolen Pablo Berzal var eitt av navna i statistikken.

Sjå også: 160 familier kastes ut hver dag i Spania

Les også: Stemmene fra et kriserammet Spania

Leigde et lite krypinn

NRK Brennpunkt møtte den spanske familiefaren på eit arbeidsinnvandringskurs i regi av NAV i mai i fjor.

Han hadde da nyleg kome til Norge og var klar for ei framtid her.

Bygningsingeniøren tok med seg heile familien og satsa alt på å lykkast. På oppsparte pengar leigde familien ei leiligheit på Grünerløkka i Oslo og sette i gang prosessen med å få barnehageplass og skaffe jobb til mor og far.

NRK Brennpunkt følgte familiene frå dei kom hit.

I kveld kl 23.15 på NRK2 får du sjå filmen «Costa del moll» i reprise.

I dag, eitt år etter, bur Pablo og familien framleis på Grünerløkka.

Her fortel han frå året i Norge, etter at kameraene ble skrudd av.

Les også: – En hard kamp om de beste

Frå tapas til brunost

– Det har vore eit tøfft år, meddeler Pablo på flytande norsk.

Spanjolen starta umiddelbart å søke jobbar då han kom til Norge i mai i fjor. Etter å ha søkt på over hundre ingeniørstillingar, fekk han til slutt napp hos IKM Consulting i oktober i fjor. I april i år fekk han tilbod om fast jobb i datterselskapet IKM DSC Engineering.

Døtrene Leo (2) og Lola (5) går i barnehage på Grünerløkka og hans juristutdanna kone, Victoria Hermosa, har det siste halvåret jobba i ein barnehage like ved.

Heile familien snakkar no norsk.

– Det at eg har lært meg norsk, var ein vesentleg årsak til at eg fekk fast jobb, seier Pablo.

Frå å vere ein del av den dystre spanske arbeidsløysestatistikken, har Pablo no fast jobb og gode kolleger.

Til lunch et han brunost og kaviar. Det er ein stor overgang frå tapas, men Pablo liker maten i Norge og menneska.

Les også: Ikke like positive til innvandrere nå som i ukene etter 22. juli

– Nordmenn er varme

Då Pablo og familien hadde bestemt seg for å flytte til Norge vart dei sterkt fråråda frå sine vener. Dei fekk høyre om det kalde og lite gjestfrie folkeslaget i det rike landet i nord.

– Eg har enno til gode å møte desse iskalde menneska, seier Pablo.

Hans møte med nordmenn har vore svært positivt.

– Alle er så utadvdendte, sosiale og hjelpsomme. Det var kanskje det mest uventa vi opplevde i vårt møte med Norge, held han fram.

Han er også oppteken av kor godt Norge er tilrettelagt for familiar. Her kan han hente barna sine i barnehagen - i Spania var ikkje arbeidsdagen tilrettelagt for at han kunne det.

– Det å hente i barnehagen og heller jobbe litt ekstra om kvelden, er fantastisk. Famileverdiane står svært sterkt her og arbeidslivet er tilrettelagt for at vi kan vere meir saman med familien, seier Pablo.

Les også: - Au pairer utnyttes på det groveste

– Alle drar

Han blir stadig kontakta av spanjolar som vil ha råd om det å finne seg jobb i Norge.

– Eg undertreker at dei må ha ein plan når dei kjem hit og dei må kunne engelsk. I tillegg må dei ha oppsparte penger. Ein får ikkje jobb i Norge på dagen, og dette landet er dyrt, seier Pablo.

Kan dei ikkje engelsk og har dei ikkje høgare utdanning åtvarar Pablo dei mot å reise hit.

Han har ingen planar om å vende tilbake til heimlandet med det første.

– Spania sparar der landet kan spare. Det er ingen tryggleik verken i jobb eller i det offentlege. Offentlege tenester blir stadig dårlegare.

– Det er trist det som skjer i Spania. Dei som bur igjen der prøver berre å overleve. Dei kan kun planlegge ein dag fram i tid. Eg har nesten ingen vener igjen i Spania, alle flytter ut for å finne jobb i andre land, fortel Pablo.