Hopp til innhold

– Visste ikkje korleis eg tok buss

Berre tre av ti pakistanske kvinner er i arbeid. På Bjerke har dei gått dør til dør for å fortelje om jobbtiltaket «Ny sjanse».

Gudrun Andersen Totland og «Naveed».

Gudrun Andersen Totland i «Ny sjanse Bjerke» skryt av «Naveed», som har fått vikarjobb på praksisplassen sin. «Naveed» er ikkje komfortabel med å syne andletet sitt i media.

Foto: Andrea Nøttveit

– Eg budde i Noreg i nesten 14 år utan å kunne noko norsk eller å vete korleis eg tok bussen, fortel pakistanske «Naveed» til NRK.no.

Trebornsmora kjem med eit brett med kaffi og kaker. Det nyttar ikkje å takke nei til tilbodet. Ho har sjølv improvisert kakeoppskrifta på kjøkkenet på Lindeberg omsorgssenter.

«Naveed» har det siste året jamnleg fått besøk av Gudrun Totland Andersen i jobbintegreringsprosjektet «Ny sjanse Bjerke» på praksisplassen ved Lindeberg omsorgssenter. No har ho synt kva ho er god for og har teke steget ut av jobbtiltaket og fått seg vikarjobb på kjøkkenet. Kakebaking er ein viktig del av jobben.

Den 37 år gamle kvinna frå Pakistan kom til Noreg i 1998, i bagasjen hadde ho ti års grunnskule. Med små born og mann i arbeid følte ho ikkje behovet for å arbeide.

Pratemedisin mot tolk

Sjølv om «Naveed» var heimeverande måtte mannen ta seg fri frå jobb for å fungere som tolk om nokon skulle til legen. No får tolken fri, «Naveed» gjer seg godt forstått på norsk, men slit litt med fortid og notid.

«Me smiler til kvarandre på ein heilt anna måte når eg kjem heim etter jobb.»

«Naveed», vikar på Lindeberg omsorgssenter

«Naveed» fekk høyre om «Ny sjanse» av ei venninne, som allereie var med. Ho er glad i å prate med folk, og pratar gjerne litt ekstra med dei gamle når ho kjem på døra med mat til dei som bur der. Kanskje kan ho arbeide tettare med dei gamle seinare, men for å gjere det må ho verte betre i norsk skriftleg. Det må øving til, men Gudrun forsikrar ho om at det kan ho klare.

– Eg seier til alle at å kome seg ut i arbeid er medisin, smilar Naveed, som kan fortelje at ho ofte var trist då ho gjekk heime åleine.

Mannen, som er komen for å hente kona på arbeidsplassen, bekreftar at kona er i mykje betre humør når ho arbeider.

– Me smiler til kvarandre på ein heilt anna måte når eg kjem heim etter jobb, og eg er mindre irritert på om gutane rotar, fortel «Naveed».

Både mann og born har instinktivt vorte flinkare å hjelpe til heime når mor i huset er meir ute. Sjølv tykkjer ho at det er fint å kunne kjøpe ting til familien for pengar ho har tent sjølv.

Dør til dør-aksjon

«Ny sjanse» har vore eit prøveprosjekt sidan 2005. Frå sommaren av vert prosjektet permanent, men då under namnet «Jobbsjansen». Heile 57 millionar kroner er sett av til å utvide ordninga i 2013.

– Det å skaffe nettverk, som ofte er der ein finn jobbar, er mellom utfordringane for heimeverande innvandrarkvinner, seier seniorrådgjevar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI), Binh Nguyen til NRK.no.

I «Ny sjanse» på Bjerke i Oslo har representantane gått dør til dør for å fortelje kvinner om tilbodet, men jungeltelegrafen er viktigaste kjelde til nye deltakarar.

I 2011 var 172 heimeverande kvinner med i programma til «Ny sjanse», 28 av desse gjekk ut i arbeid eller utdanning, medan rundt hundre fortsette i «Ny sjanse» i 2012.

– Programmet lærar deltakarene opp i bransje-norsk. Det kan vere barnehage-norsk, reinhaldar-norsk, helse-norsk eller butikk-norsk, fortel Nguyen.

Kvinner med innvandrarbakgrunn ofte har ei ekstra utfordring med å skaffe seg arbeid fordi kvalifikasjonane deira og behovet frå arbeidslivet sprikar.

Hovudvekta av dei heimeverande kvinnene, som deltek i «Ny sjanse» er kvinner frå Somalia og Pakistan.

– Dei er ofte komen til Noreg, som ektefelle til ein arbeidande mann. Det krevst ikkje at dei jobbar, medan mannen gjerne har to til tre jobbar for å forsørgje familien, fortel Nguyen.

Ei krone vert til sju

Kvinner med innvandrarbakgrunn er framleis den gruppa i Noreg som er dårlegast integrert i arbeidslivet. Her kjem kvinner frå afrikanske land dårlegast ut. I 2011 var berre to av ti somaliske kvinner i arbeid. Av kvinner frå Pakistan, Afghanistan og Irak var omlag tre av ti arbeid, ifølgje tal frå SSB.

Geir Barvik, direktør i IMDi.

– Kvinner må delta på lik linje med menn, meiner Geir Barvik, direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Foto: Pål Knutsen

På bakgrunn av ein samfunnsøkonomisk analyse frå Proba, gjort på oppdrag frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, vert «Ny sjanse»-programmet omtala som ein suksess. For kvar krone som vert investert i å få innvandrarar i arbeid, får me i snitt 6-7 kroner attende, står det i pressemeldinga frå Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet.

– Å få kvinner ut i arbeidslivet er helt avgjerande, sa integreringsdirektør Geir Barvik til NRK.no i byrjinga av mars månad, og legg til:

– Her må me vere ærgjerrige. Kvinner må delta på lik linje med menn, me kan ikkje leva med at dei står utfor arbeidslivet. Då må me jobbe meir med det. Me ser at der me legg ressursar til, nyttar innsatsen. Me har sett det gjennom prosjekt som «Ny Sjanse» og gratis kjernetid i barnehagen; kvinner deltar i jobb og barna i barnehagen, når det arbeidast direkte opp mot dei, seier Barvik.

– Gode førebilete arbeider

Whyn Lam

Whyn Lam, leiar i Rådet for innvandrarorganisasjonar i Oslo, meiner at arbeid er viktigaste veg til likestilling for innvandrarkvinner.

Foto: PRIVAT

Whyn Lam, leiar i Rådet for innvandrarorganisasjonar i Oslo, peikar på at arbeid og økonomisk uavhengigheit er ein viktig veg til likestilling for kvinner med innvandrarbakgrunn.

«Dei må forstå at det å vere i arbeid gjer dei til gode førebilete for borna sine.»

Whyn Lam, leiar i Rådet for innvandrarorganisasjonar, Oslo

Etter at norskkrava vart auka, er vegen inn i arbeidslivet vorten lengre for mange innvandrarkvinner. Før var det lettare å få arbeid i til dømes barnehagar og på sjukeheimar.

– Dei må forstå at det å vere i arbeid gjer dei til gode førebilete for borna sine, seier Lam, som meiner at det må ei haldningsendring til hjå innvandrarkvinner når det gjeld kva det vil seie å vere ei god mor.

Det er ikkje nok med ei handlingsendring hjå innvandrarane sjølve, òg arbeidslivet må verte meir inkluderande, meiner Whyn Lam.

– Me må hjelpe dei ut i arbeid, framfor å berre snakke om at dei ikkje vil arbeide, seier Lam, som har fått mange historiar frå folk som kjenner seg diskriminert i arbeidslivet, men som har vanskeleg å setje fingeren på det.