Styret i Barentssekretariatet bestemte på fredag at nettstaden Barents Observer skal leggast ned i si noverande form.
No har Barentssekretariatet òg bedt The Independent Barents Observer om å endre namnet på nettavisa.
Thomas Nilsen er tidlegare redaktør i Barents Observer, men starta, saman med tidlegare tilsette i Barents Observer, den nye nettavisa The Independent Barents Observer.
- LES: Thomas Nilsens avskjedigelse er trukket tilbake
- LES: BarentsObserver står uten ansatte – samtlige har sagt opp
Nilsen meiner styret i Barentssekretariatet ikkje har noko rettar til namnet Barents Observer. Ifølge Nilsen er dette eit namn som Atle Staalesen etablerte som gründer i si private nettavis i 2003, lenge før han starta i Barentssekretariatet.
– Eg opplev det som utruleg frekt og barnsleg at styret no forfølgjer oss i eit forsøk på å ytterlegare bryte ned det vi har bygga opp, seier Nilsen.
– Styret i Barentssekretariatet, som representerer dei tre nordnorske fylkeskommunane, har i denne prosessen berre bidratt til å bryte ned redaksjonen og det unike journalistiske produktet vi har bygget opp, seier Nilsen.
Thomas Nilsen har fått frist til måndag på å endre namnet.