Hopp til innhold

Helsesøstera sa at hennar 6 år gamle dotter var for tjukk

– Har du sett på ungen eller berre sett på tala? spør mamma Carolina Mortensen helsesøstera, som på vegne av staten nettopp har stempla hennar seks år gamle dotter som overvektig.

Carolina Mortensen

VEID OG FUNNEN FOR TUNG: - Eg spurte om ho hadde ringt rett, om det var rett unge, fortel mamma Carolina Mortensen. Ho er redd for resultatet av at hundrevis av foreldre får beskjed om at deira barn er overvektige.

Foto: Privat

To små føter plasserer seg på vekta på helsesøster sitt kontor. Vekta blir notert. Seksåringen stig ned frå vekta og stiller seg inntil veggen. Høgda vert plotta inn i eit skjema.

62 400 barn i tredje klasse og 60 800 ungdommar i åttande klasse, kan i løpet av skuleåret ha gått opp på vekta på helsesøster sitt kontor.

Ein etter ein stiller dei seg inntil veggen og får høgda målt. Kvar elev har blitt til eit tal på KMI-skalaen (BMI).

Er talet 25 eller høgare, er ein i grenseland mellom overvekt og normalvekt. Då kan foreldre eller føresette vente seg ein telefon eller eit brev i posten, trass i at deira barn er sunt og friskt.

Les meir om korleis iso-KMI fungerer her

Trudde helsesøster hadde ringt feil

Carolina Mortensen

SJOKKERT: Mortensen ba om å få tala sendt heim til seg, og der kunne ho sjå at dattera hadde havna akkurat over det nivået på skalaen, som vert kategorisert som overvekt.

Foto: Privat

– Eg spurte om ho hadde ringt rett, om det var rett unge, fortel ho.

​Helsesøstera presenterte seg på telefon. Ho sa ho var pliktig til å ta den telefonsamtalen, fordi dottera hadde hamna i overvektskategorien.

– Eg blei nok litt sarkastisk. Eg spurte om eg skulle vekke dottera mi før ho skulle på skulen for litt trening, då ho allereie går på turn og symjing på ettermiddagane.

Ein sunn og aktiv seksåring hadde vore til veging hos helsesøster før skulestart. Ho driv med symjing og turn, samt står på ski om vinteren. Dottera er høgare enn mange andre på same alder, og fritidsaktivitetane er av typen som kan gi kroppen meir muskelmasse.

Helsesøster sa at no når sommaren nærma seg var det lurt å passe på at det ikkje blei for mykje is, og la til at aktiviteten gjerne gjekk ned om sommaren.

Carolina vart sjokkert over å få beskjed om kosthaldsendring. Helsesøstera visste jo ikkje visste noko om korleis dottera sin livsstil var i utgangspunktet.

– Eg reagerte på måten det blei tatt opp på, og at ho ikkje spurte noko om kosthaldet vårt heime, seier ho.

Mora bad om å få tala sendt heim til seg, og der kunne ho sjå at dottera hadde hamna akkurat over det nivået på skalaen, som vert kategorisert som overvekt.

Carolina, som sjølv har kjent på kroppen korleis det er å ha ei eteforstyrring, er redd for kva som kunne ha skjedd om ei mor som var usunt opptatt av kosthald fekk ein sånn beskjed.

– Eller i verste fall kva som kunne blitt resultatet dersom dottera mi hadde vore ein ungdom, og fått den beskjeden sjølv, seier ho, som tidlegare har hatt eit anstrengt forhold til mat.

Aukande frustrasjon blant foreldre

I 2010 kom nye retningslinjer frå Helsedirektoratet, som sa at barn skulle vegast og høgdemålast før skulestart, i tredjeklasse og i åttandeklasse.

Det er likevel mogleg å reservere seg mot å vere med på målingane.

NRK kjenner òg til at ei rekke helsesøstrer og sjukepleiarar har reservert seg mot å utføre målingane, grunna manglande ressursar til å gi tilbod om oppfølging.

CONSULTATION CHEZ LE MEDECIN

FRUSTRERTE FORELDRE: Foreldre over heile landet har gått ut i media og uttrykt frustrasjon over at vurderinga av deira barn blir gjort utan å sjå barnet ut ifrå meir enn eit tal på ein skala.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Det vart protestar mot veginga då den kom i gong i 2011.

Protestane kom både fordi det ikkje var sett av nok ressursar til oppfølging, og fordi nokre var redd det kunne føre til stigmatisering av overvektige barn.

No når veginga har pågått nokre år, har oppfølginga frå helsesøstrer så smått starta.

I VG kunne ein i juli lese om Sandefjord-familien som fekk beskjed om at 9-åringen var overvektig, trass i å ha ein sunn og aktiv livsstil.

Fleire liknande saker har blitt tatt opp rundtom i landet. I tillegg til Tromsø og Sandefjord, har NRK gått igjennom fleire slike saker frå lokalmedia, blant anna Trondheim og Stavanger.

Frustrasjonen går både på at vurderinga blir gjort utan å vurdere barnet ut ifrå meir enn eit tal på ein skala.

I tillegg er det mangel på oppfølging, som vekker frustrasjon blant foreldra, etter å ha mottatt beskjed om at deira barn er overvektig.

Mange foreldre reagerer òg på at friske barn og unge får beskjed om at dei er overvektige, i eit samfunn som allereie florerer av kroppspress.

Helsedirektoratet: – Ikkje representative eksempel

– Vi har ikkje noko haldepunkt for å seie at det er risiko for eteforstyrring av at barn får høyre at dei er overvektige.

Klar over problemet

KAN BLI BETRE: Fungerande divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Henriette Øien, meiner sakene ikkje treng vere representative for alle kommunane i landet, men seier dei kan bli flinkare til å assistera kommunane i tema om fedme.

Det seier fungerande divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Henriette Øien.

– Men veldig mykje avheng av korleis det blir tatt opp, seier ho. Det er òg mykje som må vurderast før ein kan seie at nokon er overvektig, seier ho.

Øien meiner sakene ikkje treng vere representative for alle kommunane i landet.

Ho innrømmer at dette med overvekt er vanskeleg. Det har dei og fått tilbakemelding på.

– Vi kan nok bli enda betre på å implementere retningslinjer som vektlegg korleis ein tar opp overvekt.

– Eit risikabelt prosjekt

– Når ein tar opp vektproblematikk med eit barn som er langt nede på skalaen, trur eg det er ei fare for at ein bevegar seg inn i eit risikabelt område.

Det seier barnelege ved Hammerfest sjukehus, Ane Kokkvoll som har doktorgrad i, og har forska på behandling av barn med overvekt.

Barnelege Ane Kokkvold

SKEPTISK: – Eg syns ein kunne latt det gå ei grense på to BMI-einingar før ein byrja å bekymre seg for overvekt, opp til 27-28 før ein sendte brev til føresette, seier barnelegen.

Foto: Marit Kvarum/Helse Finnmark

I sitt arbeid har ho følgt 97 familiar med overvektige barn frå Troms og Finnmark gjennom 2 år, der dei fekk oppfølging og rettleiing frå barnelege, helsesøster, sjukepleiar og ernæringsfysiolog.

– Vi har inga forsking som seier at det å sette i gang tiltak for barn med overvekt og fedme utløyser eteproblem.

Men, då har ein ikkje bevega seg ned i det området ein snakkar om no, som er heilt ned mot normalvekt, seier Kokkvoll.

– Det er jo ikkje dei som berre ligg ein desimal eller to over overvekstsgrensa ein i utgangspunktet ønsker å nå, men dei som er i faresonen og som har høg arveleg belastning, seier ho.

Kroppsmasseindeks (KMI) er brukt i den internasjonale definisjonen på overvekt og fedme, og er ei måleform som er relativt enkel å utføre.

– KMI har sine avgrensingar. Vekt aleine, saman med høgde, seier ingenting om kva kroppen består av, som til dømes musklar, seier Kokkvoll.

Kokkvoll forstår at foreldre reagerer når aktive og sunne barn får melding om overvekt frå helsesøster. Ho trur mykje av frustrasjonen kunne vore unngått.

– Som forelder kjennest det som om ein har gjort noko feil. Det er lite kommunisert at dette har med genetikk å gjere, at 60-80 prosent av KMI hos barn kan forklarast av genetiske faktorar, forklarer Kokkvoll.

Helsesøster Aina Nordstrand

SKREMT AV REAKSJONAR: – Vi er fortsatt usikre på hva vi skal skrive i brevet til foreldra, seier helsesøster Aina Nordstrand i Alta kommune.

Foto: Kristin Forland

Helsesøster: – Eit av våre vanskelegaste oppdrag

I barne- og ungetenesta i Alta kommune jobbar dei framleis med formuleringa av informasjonen som skal sendast ut til foreldre om vekt- og høgdemålingane.

Dei slit med korleis, og ikkje minst kva, som skal stå i brevet.

– Det er eit av dei vanskelegaste samfunnsoppdraga vi har fått.

Det seier helsesøster Aina Nordstrand i Alta kommune, om jobben med å følge opp måling og veging av norske barn.

Brev om Høyde og vektmåling i 3. klasse

DET VANSKELEGE BREVET: Kommunane har sjølv fått ansvaret for å komponere brevet om KMI-resultatet, som skal gå ut til foreldra. Her er brevet Vadsø kommune sender ut.

Foto: Skjermdump

Der har veging og måling av tredje- og åttandeklassingane har allereie gått føre seg i to år, utan at noko tilbakemelding til foreldra er gitt.

Det er først til hausten dei er klare til å byrje med oppfølgingssamtaler i Alta, og NRK kjenner til at helsepersonell i ei rekke kommunar i landet opplever same startvanskar.

Kvart ord må vegast nøye når ein skal skrive til foreldre om overvekt.

Det er klart at reaksjonane frå foreldre, som vi har sett i media, skremmer oss, seier ho.

– Vi jobbar framleis med eit utkast, eit brev som vi håpar blir klart til å sende ut til hausten, seier helsesøster Aina Nordstrand.

Nordstrand har skrive mastergrad om implementeringa av vekt- og høgdeundersøkinga i grunnskulen.

I samband med oppgåva har ho snakka med helsesøstrer i heile landet, som òg fortel at dei syns det er eit vanskeleg å gi informasjon til foreldre om overvekt, utan at dei kjenner seg såra eller skulda for noko.

– Eg kjenner òg veldig på det at når me tar kontakt og peikar på eit problem, så må me kunne tilby noko meir enn ein prat, seier ho.

– Samtale fungerer ikkje mot epidemi

Barnelege og overvektsforskar Ane Kokkvoll er einig med Nordstrand om at temaet krev ei tilnærming frå fleire yrkesgrupper.

– Om ein verkeleg vil gjere noko med førebygging av barnefedme, så krev det intervensjonar både på skulen, og i kosthald og aktivitet, og langt meir enn eit brev eller ein telefon kan gje. Men skal ein få til det, så trengst det òg meir ressursar, seier Kokkvoll.

Overvekt

KREV SAMFUNNSENDRING: - Å legge til rette for meir fysisk aktivitet er ein langt betre veg å gå, meiner forsker Ane Kokkvoll. I dag får foreldre tilbod om ein samtale om deira barn er funnen overvektig etter internasjonal standard.

Foto: Colourbox

Å innkalle alle barn som ifølge ein tabell er i kategorien overvektig til konsultasjon, har ho lite tru på, og peikar på at det trengst større strukturelle samfunnsstrukturelle endringar.

– Det er dessverre vist at studium på dette med enkel rettleiing ikkje har påvisbar effekt, seier Kokkvoll, og viser til ei studie frå Australia.

Resultatet frå studien viste at dette ikkje hadde noko nemneverdig innverknad på KMI-verdien til barna.

Til hausten vil ei rekke foreldre i Finnmark, som ifølge statistikken er det fylket med flest overvektige barn, truleg få beskjed om at deira barn er for tunge.

I Tromsø opplever mamma Carolina Mortensen å sitte igjen med informasjon ho ikkje vet kva ho skal gjere med, og skulle heller ønske ein kunne bruke auga og sunn fornuft i vurdering av barn.

– Min seksåring vil framleis berre få is og godteri på laurdagar. Ho er sunn og frisk, seier Carolina.

Omregningstabell for KMI hos barn

Alder

Iso-KMI 25 (overvekt)

Iso-KMI 30 (fedme)

Iso-KMI 35 (alvorlig fedme)

2

18

20

25

2.5

18

20 - 20

25

3

18

20 (gutt), 19 (jente)

25 (gutt), 24 (jente)

3.5

18 (gutt), 17 (jente)

19

24

4

18 (gutt), 17 (jente)

19

24

4.5

17

19

24

5

17

19

24

5.5

17

19

24

6

18 (gutt), 17 (jente)

20

25

6.5

18

20

25

7

18

21

26

7.5

18

21

26

8

18

22

27

8.5

19

22

27

9

19

23

28

9.5

19

23 (gutt), 24 (jente)

28 (gutt), 29 (jente)

10

20

24

29

10.5

20

25

30

11

21

25

30

11.5

21

26

31

12

21 (gutt), 22 (jente)

26 (gutt), 27 (jente)

31 (gutt), 32 (jente)

12.5

22 (gutt), 22 (jente)

26 (gutt), 27 (jente)

31 (gutt), 32 (jente)

13

22 (gutt), 23 (jente)

27 (gutt), 28 (jente)

32 (gutt), 33 (jente)

13.5

22 (gutt), 23 (jente)

27 (gutt), 28 (jente)

32 (gutt), 33 (jente)

14

23

28 (gutt), 29 (jente)

33 (gutt), 34 (jente)

14.5

23 (gutt), 24 (jente)

28 (gutt), 29 (jente)

33 (gutt), 34 (jente)

15

23 (gutt), 24 (jente)

28 (gutt), 29 (jente)

33 (gutt), 34 (jente)

15.5

24

29

34

16

24

29

34

16.5

24 (gutt), 25 (jente)

29 (gutt), 30 (jente)

34 (gutt), 35 (jente)

17

24 (gutt), 25 (jente)

29 (gutt), 30 (jente)

34 (gutt), 35 (jente)

17.5

25

30

35

18

25

30

35

Ekspander/minimer faktaboks

KMI er det norske ordet for BMI. Iso-KMI er KMI for barn, som er justert for kjønn og alder.

Les òg: – Viktig med tidlig innsats mot overvekt