Hopp til innhold

Private aktørar har sperra europaveg med bom i 18 år – har tent hundrevis av millionar

Rica og Scandic har i 18 år tent hundrevis av millionar på å sperre vegen til Nordkapp-platået med bom. No innrømmer Statens vegvesen at det formelle ikkje har vore i orden.

Nordkapp

BOMSTASJONEN PÅ E69: – Det er feil at samfunnet skal betale til kommersielle. Det kunne ha vore ei todelt løysing der ein får tilgang til utmarka gratis, men betalar for sjølve opplevingssenteret, meiner Arne Nævra (SV).

Foto: Allan Klo / NRK

Nordkapp er blant Noregs mest kjende turistattraksjonar. Kvart år finn rundt 260.000 turistar vegen hit. Men for å kome heilt fram må alle passere bomstasjonen og betale 275 eller 180 kroner. Pengane går først og fremst til private aktørar.

– Det er klart at Statens vegvesen har gjort ein aldri så liten «blunder», og Ketil Solvik-Olsen burde ta eit betre grep, seier Arne Nævra (SV).

I starten av februar la han saka på bordet til samferdselsministeren. Nævra ville ha svar på om bommen var ulovleg.

No har både samferdselsministeren og Statens vegvesen svart. På grunn av ein inkurie, som er eit fint namn for at noko er gløymt, skulle vegen ha blitt omgjort til privat for heile 18 år sidan.

brøytebil nordkapp

I dag er det Vegvesenet som brøytar forbi vegbommen og heilt fram til bygningane.

Foto: Tor Even Mathisen / NRK

Svaret frå ministeren

– Så vidt eg forstår er det Nordkapp Vel AS, Scandic Hotels og Rica som står bak innkrevjinga, svarer Ketil Solvik-Olsen skriftleg til Nævra.

Verken Statens vegvesen eller Samferdselsdepartementet tek del i innkrevjinga. Men ser ein tilbake til 1997, bekrefta Miljøverndepartementet at avgifta då var lovleg.

– Vegvesenet opplyser at ved ein inkurie har ikkje strekninga blitt omklassifisert, skriv Solvik-Olsen.

Det har dermed blitt teke inngangspengar på ein europaveg i 18 år.

  • Sjå heile svaret frå Solvik-Olsen her: Skriftlig spørsmål - stortinget.no
    Nordkapp

    For å kome vidare må ein betale opptil fleire hundre kroner. – Det finst ingen alternativ for å oppleve naturen her. Du kjem ikkje til ved backpacking eller vandring, seier Arne Nævra.

    Foto: Allan Klo / NRK

Godt å få det avklart

– Det er Statens vegvesen som har gjort ein feil. Vi har gjort alt rett, og det er godt å få bekrefta, seier Ole-Jacob Woll, styreleiar i Rica.

Han seier dei kjem til å halde fram som vanleg, og at Scandic har løyvet til å krevje inn avgifta.

Assisterande direktør i Scandic Nordkapp, Hans Paul Hansen, har tidlegare sagt til NRK at dersom bommen var i strid med lova, ville noko ha blitt gjort for lenge sidan.

Oddbjørg Mikkelsen i Statens vegvesen seier feilen no skal rettast.

– Men Statens vegvesen har berre med omklassifiseringa å gjere. Etter dette er det opp til kommunen å avgjere kva som skjer vidare, seier Mikkelsen.

Nordkapp

Det er ei prinsipiell sak at alle skal ha tilgjenge til dette platået utan å måtte betale, seier Arne Nævra. Han er skuffa over svaret frå Solvik-Olsen.

Foto: Carl-Gøran Larsson / NRK

Har fått reaksjonar

– Nordkapp-avgifta er ei av dei mest omstridde sakene for friluftslivet i Noreg, seier Lasse Heimdal.

Generalsekretæren i Norsk Friluftsliv fryktar eksempelet frå Nordkapp kan føre til at andre kommunar og private bedrifter sperrar vegane fram til friluftsområde framover.

Ordføraren i Nordkapp, Kristina Hansen, meiner det også er fordelar ved at private bedrifter tek imot turistane, men at kommunen kunne ha fått meir av innteninga.

– Vi har sendt ein plan til høyring og ber folk om innspel, seier Hansen.

Fredag 2. mars går høyringsfristen ut for områdeplanen til Nordkapp-halvøya. Alt i kveld blir det halde folkemøte.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark