Hopp til innhold

Returnert til Russland – no er Wadie (23) tilbake til Syria

I desember vart Wadie Nidal Rizq frå Syria returnert til Russland over Storskog. Tilbake i den russiske byen Tver får han beskjed om at visumet blir kansellert, og at han må forlate landet.

Storskog grensekontrollsted

Wadie Nidal Rizq kom over grensa på Storskog i november i fjor, men vart returnert i midten av desember. Mannen har no måtte forlate Russland etter at han fekk beskjed om at visumet hans ville bli kansellert.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Den 3. november passerte syriske Wadie Nidal Rizq grenselinja mellom Russland og Norge, og reisa gjennom den arktiske ruta til Schengen var over.

Han kom til Russland som student i 2014. Som så mange tusen andre nytta Rizq ruta gjennom Russland som ein veg til Europa.

Henta på mottaket i Bodø

Målet var heile tida å komma seg vidare til Europa, seier han til NRK på telefon frå Damaskus.

Men opphaldet i Norge skulle bli kort. Like før jul vart 23-åringen henta frå mottaket i Bodø og frakta til Kirkenes.

Neste dag vart han uttransportert til Russland.

– Plutseleg ein kveld kom politiet. Dei sa eg måtte pakke tinga, fordi eg skulle sendast til Kirkenes. Eg gjorde det dei bad om. Diverre. Dei skulle ha eit intervju med oss, men det intervjuet var veldig generelt.

Uttransportering av avviste asylsøkere

17. desember kom dette flyet fra Trondheim. Migrantene som skulle sendes tilbake over Storskog ble møtt av et stort politioppbud og loset inn i en ventende buss.

Foto: Stian Strøm / NRK

Reiste tilbake til Syria

Rizq er no i Damaskus i Syria. Etter at han vart returnert til Russland, og kom tilbake til byen Tver, der han studerte, kom meldinga om at visumet ville bli kansellert.

– Eg forklarte dei at ting ikkje er som før. Dei er i mot oss i Russland no. Dei vil ikkje gje jobb til nokon, me får ikkje eit smil av dei ein gong. Så eg er avvist der også, ikkje berre her.

– Men så seier dei til meg: «Ja, men du kan dra til Russland og søke om asyl der». Men diverre, i Russland får me jo berre avslag.

432 Storskog-personar sendt ut

Politiets utlendingseining opplyser at 432 personar som kom over Storskog i 2015 per 1. februar er sendt tilbake til Russland.

– Eg sa at dersom eg blir returnert til Russland, så kom eg til å bli kasta ut av landet, fordi eg har vore i Noreg i halvannan månad og ikkje lenger har studierett. Eg kunne få nokon i Russland til å sende meg papir med bevis på dette, men dei var ikkje interesserte i det, seier Risq.

Vestleiren

Vestleiren i Kirkenes har fungert både som transittmottak for dei som nettopp har kome til Noreg – og menneske som skal sendast tilbake til Russland.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Kom til Damaskus

Beskjeden var at han kunne risikera å hamna i fengsel i Russland dersom han vart stoppa av politiet utan visum.

Tidlegare klarte han å få forlenga visuma ved å betale til offentlege tenestemenn – men 23-åringen hadde no ikkje pengar igjen.

– Syria er kanskje det farlegaste staden i verda akkurat no. No hjelper eg pappa på biblioteket han driv. Eg veit ikkje kva som kjem til å skje med meg, eg venter berre på å bli kalla innt til militærteneste.