Hopp til innhold

Nekta skulegang i tre år – håpar på normalt liv i Noreg

KIRKENES (NRK): I Afghanistan fryktar dei for livet. I Russland får dei ikkje lov til å jobba eller gå på skule. No håpar nibarnsforeldra Nem Haroon og Sofia Shah at familien kan få eit normalt liv i Noreg.

Den afganske familien Shah har teke den arktiske flyktningruta frå Russland og over grensa til den norske kommunen Sør-Varanger. I Afghanistan er dei drapstruga og i Russland får dei ikkje opphaldsløyve, fortel dei.

Onsdag denne veka kom den afghanske familien Shah til Noreg frå Russland via grenstestasjonen på Storskog. Frå Venstre: Wahab (14), Nigina (7), Moin (10), Sohrab (18), Nem Haroon (44), Hamoon (11), Sofia (42), Madina (3), Farkhunda (5), Tabasum (8) og Nawab Shah (15).

Madina, Farkhunda, Nigina, Tabasum, Moin, Hamoon, Wahab, Nawab og Sahr.

Dei ni borna på mellom tre og 18 år sit tett rundt foreldra sine i den raude brakka på det nye transittmottaket i Kirkenes.

Dei minste er søvnige i blikket, men mellom gjespinga følgjer dei storøygde med på samtalen, som går føre seg på russisk.

– Me har alle lært oss russisk, men dei minste er dei flinkaste, seier pappa Nem Haroon Shah med eit stolt smil.

Fekk problem etter eit år i Russland

Familien Shah har nemleg budd tre år i Russland, før dei tysdag kom til den norske grensestasjonen på Storskog for å søkja asyl i Noreg.

– Først trudde eg ikkje på det, men dei sa på russisk fjernsyn at vegen til Noreg er open for flyktningar som vil reisa, fortel han.

Både store og små har på seg matchande joggedressar eller varmedressar som dei har fått låna medan kleda dei kom i er innom eit fryselager – ein prosedyre for å unngå smitte i transittmottaka.

Borna er som born flest. Rastlause og nyfikne. Medan pappa blir intervjua skjærer dei grimasar til kvarandre og kviskrar kvarandre i øyro på morsmålet, dari.

– Det første året i Russland var eigentleg ganske bra. Me hadde vener der, eg fekk arbeidsløyve og jobb som kokk med grei inntekt. Men etter eitt år begynte problema, fortel Nem Haroon Shah.

Han fekk ikkje fornya arbeidsløyvet sitt, jobba svart mot dårleg betaling, klarte ikkje å brødfø familien sin og hamna heilt på utsida av det russiske samfunnet. Borna fekk aldri skuleplass, og har ikkje vore i eit klasserom på tre år, ifølgje Shah.

– Eg fryktar at borna mine skal bli som Taliban eller kriminelle. Utan utdanning har dei få moglegheiter, seier han.

Ankomstsenter Finnmark

Ei seng å sova i, klede, mat og ein helsesjekk er noko av det asylsøkjarane får når dei kjem til transittleiren i Kirkenes.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Unntakstilstand i Kirkenes

Henry Osima, mottaksleiar i Kirkenes

Henry Osima i Hero har ansvaret for den daglege drifta ved det nye mottakssenteret i Kirkenes, der familien Shah er innkvarterte medan dei ventar på å få plass i eit asylmottak.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Familien Shah er ein av svært mange asylsøkjarar som den siste tida har funne vegen til Noreg via den arktiske flyktningruta.

Dei kjem på sykkel, fordi grenseavtalen mellom Noreg og Russland slår fast at grensa ikkje kan kryssast til fots. Sist veke var pågangen rekordstor, 1113 kom då frå Russland til grensestasjonen på Storskog i Sør-Varanger.

At dette er unntakstilstand for kommunen med dryge 10.000 innbyggjarar, er det ingen tvil om.

Under opninga av det hastebygde transittmottaket i Kirkenes, myldrar det av politifolk, presse frå inn- og utland, embetsfolk, politikarar, folk frå sivilforsvaret og miljøarbeidarar.

Det blir informert, dirigert, registrert, diskutert, intervjua og servert kaffi. Men berre ein og annan asylsøkjar er å sjå. Dei fleste held seg innandørs, i ly for det kalde teppet som har lagt seg over Kirkenes.

Dei NRK møter på, nikkar eller seier høfleg «hello». I ein brakkegang leikar to små albinoborn som bryt ut i lystig og hemningslaus latter og pilar av garde i det eg prøver meg på engelsk – «where are you from?».

Syklar ved den norske grensekontrollen på Storskog

Asylsøkjarane kjem på to hjul over norskegrensa frå Murmansk. Grenseavtalen mellom Noreg og Russland forbyr kryssing til fots.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Flest afghanarar over grensa i nord

Det er no afghanarar som er den desidert største gruppa asylsøkjarar som kjem hit, fortel driftsleiaren ved transittleiren i Kirkenes, Henry Osima.

– Det kjem einslege, familiar med ni born, gravide. Mange av dei er slitne og svoltne når dei kjem, men takksame og ved godt mot. Kanskje har ikkje alle eit reelt vernebehov, men det er ein menneskerett å få søkja asyl og me skal ta alle godt imot, seier Osima.

Familien Shah måtte flykta frå Kabul etter at far hans vart drepen av islamistar, fortel pappaen i flokken.

– Me fekk trugsmål om at også me ville bli drepne – ein etter ein. Far min vart drepen fordi han var tidlegare offiser. Men det var også på grunn av meg. Eg hadde studert i Russland og jobba som sjåfør i eit byggjefirma i Kabul saman med utlendingar. Taliban likar ikkje at folk reiser utanlands eller har kontakt med utlendingar, dei kappar hovuda av oss.

Situasjonen vart til slutt uuthaldeleg, minnast Shah. I håp om kunne gje dei ni borna sine ei trygg framtid, sette dei kursen mot Moskva, der han hadde vener frå studietida.

– Frå ille til horribelt i Afghanistan

Ankomstsenter Finnmark

Det nye transittmottaket ved Kirkenes flyplass opna onsdag denne veka og har 600 sengeplassar. Her skal asylsøkjarane vera i maks to dagar før dei blir flytta over til asylmottak rundt om i landet.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Norske styresmakter er tydelege på at afghanarar har svært lite sannsyn for å få innvilga asyl i Noreg, og at dei som blir her, risikerer retur til heimlandet.

– Personar frå Syria er dei einaste med ein reell sjanse til å få opphald med dagens situasjon, seier Bjørn Fridtfeldt, direktør for UDI i Nord-Noreg.

Utlendingsdirektoratet (UDI) påpeikar dessutan at det er trygt i Kabul.

Laster Twitter-innhold

Denne oppfatninga deler ikkje Nem Haroon Shah.

– Situasjonen i Afghanistan har gått frå ille til horribel i løpet av dei tre åra det har gått sidan me reiste. Taliban og Al Qaida har blitt styrka, det er altfor mange terroristar der. Dei oppfordrar framleis til drap på dei som jobbar saman med utlendingar, og dei har god kontroll på kven som er «skuldige».

I Kirkenes er det nordlys på himmelen, snø på bakken og ti minus i lufta. Sjølv om forholda her er dramatisk annleis frå det landet dei alltid vil ha hjarta nærmast, håpar dei no å kunne få eit normalt og verdig liv i Noreg.

– Kva slags arbeid og kvar i Noreg er ikkje så viktig. Me ønskjer berre å leva som lovlydige og ha jobbar og skule å gå til, seier Shah.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark