Hopp til innhold

Mindre ingeniørfrykt i Nord- enn i Sør-Norge

Tal frå Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon, NITO, viser at nordnorske ingeniørar ikkje er uroa for å miste jobbane sine.

Goliat plattformen

Goliat-plattforma kom til Hammerfest 17. april i år.

Foto: Stian Strøm

På Vestlandet er situasjonen ein heilt annan, der tre av ti ingeniørar trur jobbane er i fare på grunn av nedgang i petroleumsbransjen.

Berre 12 prosent av NITO sine medlemar i nord er uroa for jobben.

Oljeoptimisme i nord ikkje grunnen

Det har vore store forventningar til at olje- og gassutvinning i nord skal gi fleire arbeidsplassar, og det var fest og stor framtidstru i Hammerfest då Goliat-plattforma kom til byen i april. Men det er ikkje først og fremst trua på oljebransjen som gjer at optimismen er større blant dei nordnorske ingeniørane.

Blant ingeniørane i Nord-Norge er delen som jobbar i petroleumsbransjen mykje lågare enn lenger sør i landet. Samanlikna med Sør-Noreg er næringslivsprofilen i nord samansett på ein annan måte.

– Jo lenger nord i landet ein kjem, jo mindre påverka er ein av nedgangen i olje- og gassindustrien, forklarer Trond Markussen, president i fagforeininga NITO.

Trond Markussen

Ein utfordrande situasjon, seier president i NITO, Trond Markussen om utryggleiken blant ingeniørar i petroleumsbransjen.

Foto: NITO

Ei gruppe Nav sjeldan møter

NITO jobbar no for å gjere tilværet som arbeidslaus lettast mogleg for ei gruppe som lenga har vore vant med å bli headhunta og rekruttert til jobben dei har.

- Mange ingeniørar må søke jobb for aller første gang, seier Trond Markussen i NITO.

Fagforeininga har no byrja å arrangere kurs med Nav i korleis dei kan handtere ingeniørgruppa når det kjem til jobbsøking.

Om lag 10 000 av NITO sine 77 836 medlemar jobbar direkte eller indirekte i olje- og gassindustrien.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark