Hopp til innhold

Har samla inn nærare 50.000 kroner til Frode Bergs familie

For at familien skal få besøke Frode Berg i Russland har støttegruppa hans starta ein innsamlingsaksjon.

Øystein Hansen, leder støttegruppe Frode Berg

Øystein Hansen er leiar for støttegruppa til Frode Berg. Gruppa er no offisiell med eige organisasjonsnummer og eige styre.

Foto: Arne Egil Tønset

Sidan torsdag sist veke har støttegruppa samla inn 48.500 kroner.

– Det ser vi på som eit bra beløp, meiner Øystein Hansen, leiar i den nystifta støttegruppa til Frode Berg.

Frode Berg

Frode Berg vart arrestert av det russiske sikkerheitspolitiet 5. desember i fjor. Sidan har ikkje familien møtt Berg. Støttegruppa til Frode Berg har nyleg starta ein innsamlingsaksjon for å Berg sin familie til Moskva for å møte han.

Foto: Amund Trellevik

Også til juridisk hjelp

Det er no gått seks veker sidan Berg vart arrestert av det russiske sikkerheitspolitiet. Berg har framleis ikkje fått snakka med familien.

– Hovudgrunnen til denne innsamlingsaksjonen er at vi ønskjer at familien til Frode Berg skal få moglegheita til å besøke han i Russland. Dessutan kan pengane nyttast til juridisk hjelp. Vi er heilt avhengige av at staten dekker ein del av desse kostnadene, helst alt. Men om ikkje dei klarer så er det greitt at vi har ein buffer, forklarer Øystein Hansen.

Frode Berg er tidlegare offiser og inspektør på den norsk-russiske grensa i Sør-Varanger. 5. desember i fjor vart han arrestert i Moskva. Dei russiske myndigheitene meiner Berg har drive spionasje til fordel for Norge og USA. Berg sit no i Lefortovo-fengselet, som brukast av den russiske sikkerheitstenesta FSB.

Fakkeltog for Frode Berg

30. desember vart det arrangert fakkeltog for Frode Berg i Kirkenes. Arrestasjonen av Berg 5. desember i fjor har vekt sterke reaksjonar i lokalsamfunnet.

Foto: Thomas Nilsen / THE INDEPENDENT BARENTS OBSERVER

Utanriksministeren til Kirkenes

Arrestasjonen av Berg har vekt sterke reaksjonar, ikkje minst i Aust-Finnmark. Til dømes vart det arrangert fakkeltog i Kirkenes i romjula. Det vart også stifta ei støttegruppe for Berg. No er gruppa også blitt offisiell. Ho har fått eit eige styre og eit eige organisasjonsnummer, fortel Øystein Hansen.

– No er ting skikkeleg på plass og vi begynner å jobbe opp mot norske myndigheiter. Vi forventar nemleg at myndigheitene kjem på bana i denne saka. I februar blir Kirkeneskonferansen arrangert. Då kjem mellom utanriksministeren (Ine Eriksen Søreide journ. anm.) hit. Vi ønskjer sjølvsagt at ho kan seie noko om Frode Berg-saka. Denne saka er viktig både for lokalsamfunnet og Norge, er beskjeden frå Hansen.