Hopp til innhold

Dennis (10) filma bjørn som hoppa framfor bilen

– Vi kom køyrande og så seier bestefar «Sjå! Ein bjørn!» Eg trudde først han tulla, seier Dennis Andersen (10), som er vant med at bestefar spøker med han.

En bjørn er filmet idet den løper over veien i varangerfjorden i Finnmark.

Foto: Dennis Andersen

Då Dennis skjønte at bestefar, Ingvald Andersen, meinte alvor var han kjapp med å finne fram telefonen og filme.

På veg til Nesseby

– Vi møtte bjørnen på austsida av Seidafjellet, akkurat der vi byrjar å sjå Meskfjorden, seier Ingvald Andersen, som bur i Nesseby i Finnmark.

Han hadde akkurat vore og henta barnebarnet Dennis Andersen i Lappoluobbal, og var på veg tilbake til Nesseby då bjørnen plutseleg sprang over vegen, like framfor bilen.

– Det var ein kraftig sak. Eg trur det må ha vore ein hannbjørn, seier Ingvald, som ikkje blei skremt av opplevinga.

Dennis og Ingvald Andersen såg bjørn

Dennis Andersen (10) frå Alta satt på med bestefar Ingvald Andersen, då ein bjørn kom hoppande framfor bilen.

Foto: Privat

Både Dennis og bestefar sat inne i bilen og kunne trygt sjå og filme bjørnen utan å bli redde.

Verken bestefar eller barnebarn hadde sett bjørn før møtet med bamsen på onsdag. Men Ingvald Andersen har vore nær før.

– Eg har høyrt bjørn før. Det var blåselyder, som lyden av nokon som snyter seg kraftig, seier han.

Vandrer før bærsesongen

Magne Asheim, regionansvarleg for rovvilt i Finnmark i Statens naturoppsyn (SNO) seier det er vanskeleg å vurdere kjønnet på bjørnen ut ifrå ein video, men seier Ingvald si vurdering av at det var ein hannbjørn nok stemmer.

– På forsommaren vandrar hannbjørnen på jakt etter mat og binner, seier han.

Magne Asheim

Magne Asheim ved Statens naturoppsyn trur det er lite binner å finne for hannbjørnen som vart sett i Seidafjellet.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Dei yngre hannbjørnane er nedst på rangstigen og blir jaga frå territoriet til dei eldre. Binnene held seg meir på eit område. Den lengste bjørnevandringa som er registrert i Finnmark er ein bjørn som vandra frå Kautokeino til Tana, ein tur på om lag 30 mil.

Send inn bjørneskit

Statens naturoppsyn bruker DNA-analyser frå bjørneskit til å finne ut kor bjørnane drar og kor stor bestanden er. I Finnmark er det minst 50 bjørnar no. Grunna vandring over til Finland og Russland er det vanskeleg å setje nøyaktige tal.

Asheim oppfordrar folk som ser bjørn til å ta kontakt med SNO.

– Og om ein kjem over bjørneskit må ein gjerne ta ein prøve av den og sende til oss, eller gi beskjed om kor ein såg den, legg Asheim til.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark