Hopp til innhold

– Her er det fritt fram for å drive piratverksemd

Politiet har fått tilsendt bevis, men ingenting skjer. Taxisjåfør Ronny Bang Amundsen meinar politiet nærast oppfordrer til piratkjøring.

Pirattaxier knekker taxinærinen

STILLE: Taxiane står oftare stille hos Alta taxi etter at bruken av pirattaxiar har eksplodert.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Dei har sagt «Køyr på! Her er det fritt fram for å drive piratverksemd». Det er så enkelt.

Det seier Ronny Bang Amundsen i Alta taxi. Han reagerer sterk på at politiet seier det er vanskeleg å bevise at nokon har kravd vederlag mot køyring.

– Det er mykje økokrim som skjer som er vanskeleg, tunge saker som politiet klarer å finne ut av. Her blottlegg jo piratane seg rett ut på nettet, på Facebook, så det kan ikkje vere vanskeleg å finne ut av dette, seier Amundsen.

Ronny Bang Amundsen

MISFORNØGD: - Politiet er veldig defensive i denne saka, seier Ronny Bang Amundsen i Alta taxi.

Foto: Privat

Alta taxi har sendt skjermdumpar frå Facebook, der namn, avtale om henting mot pengar og telefonnummer er oppgitt. Likevel har ikkje politiet sett i gong noko etterforsking.

Politimeister i Vestfinnmark politidistrikt, Morten Daae, seier dei har fått tilsendt reglane som gjeld for facebookgruppa som formidlar skyss mellom folk.

Morten Daae

PÅ VIPPEN: Heilt i grenseland, seier politimeister i Vestfinnmark politidistrikt, Morten Daae om facebookgruppa som koplar sjåførar med passasjerar.

Foto: NRK

– Det er heilt klart at dei driv heilt på grensa for kva som er tillate, men foreløpig ser det ut som om dei ligg på riktig side, seier Daae.

Politimeisteren vedgår at køyring av pirattaxi ikkje er høgt prioritet hos politiet. Men han trur likevel det kan bli eit større fokus på dette frå sentralt hold.

– Det er ikkje så lenge sidan vi svarte direktoratet på spørsmål om korleis vi såg på denne typen verksemd, seier han.

Ventar på anke i Stavanger

Foreløpig er berre enkelte politidistrikt som gjennomfører tiltak mot piratverksemd. Ei eventuell oppfølging frå Justisdepartementet vil ikkje kome før utfallet av ei anke i Stavanger, der åtte personar stod tiltalt for brot på Yrkestransportlova, paragraf 41.

Haxi-sjåfører

HAXI: På dette kartet kan brukarane finne ut kor sjåførane held til, og i kva område dei kjører. (Dei to synlege sjåførane er sladda av NRK)

Foto: Skjermdump / NRK

I Stavanger gjekk pirattaxiverksemda over frå ei uorganisert Facebook-side til den organiserte nettsida Haxi.no.

I mai vart dei åtte Haxi-sjåførar frifunne i Stavanger tingrett.

Påtalemyndigheita har anka dommen, og Justisdepartmentet avventer utfallet av den anka.

– Underbygger svart økonomi

Politimeister Morten Daae meiner dei som nyttar pirattaxiar må tenke på kva konsekvensar som kjem av det dei gjer.

– Dei er med på å underbygge ein svart økonomi, og ein veit heller ikkje så veldig mykje om den sjåføren som køyrer den bilen man setter seg inn i, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark