Hopp til innhold

Summa summarum

Erik (til venstre) på korpsturLivsrekneskap for nokolunde nøgde menn over 60 Av Lars Helge MyklebustErik, Alf, Kjell-Ole og Lars-Helge var tenåringar på 50-talet. Dei var fødde i eit krigsramma Norge med varemangel og isolasjon, men vaks opp i eit tiår då trauste Norge vart invadert av ein ny, moderne livsstil frå Amerika: James Dean på filmlerretet, Evis Presley på Radio Lux og jazz på EP-plater. 50-talet var tiåret då foreldra mista makta og ungdomskulturen mista uskulda. Så alt burde ligge til rette for målretta ungdomar. Men kva ville dei med liva sine? Og gjekk det slik dei hadde tenkte seg?