22.05.2012

Lam tatt av jerv

Fleire lam er borte frå eit innmarksbeite i Hessdalen i Holtålen. Fjelloppsynsmann trur det kan vera jerven som blei sett i Ålen tidlegare i veka som har tatt lamma.

Fjelloppsynsmann Terje Borgos trur det kan vera jerven som blei observert i Ålen tidlegare denne veka som har tatt livet av dei forsvunne lamma i Hessdalen. Borgos vil ikkje søke om fellingstillatelse, fordi ein ikkje veit sikkert kva som har skjedd med lamma.

Jerv i Ålen på tirsdag

Natt til tirsdag blei det sett ein jerv på eit jorde i Ålen. Tidlegare på mandag blei det også funne ein ihelrive sau i det samme området. Fjelloppsynsmannen sier det er grunn til å tru at det er jerven som blei observert som har drepe sauen.

Oppfordrer til å vera på vakt

Fjelloppsynsmann Terje Borgos ber no alle som har sluppe sauer på beite om å halde eit ekstra auge med dyra.

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier