22.05.2012

James Bond til Jostedalen

James Bond skal slåss for livet i Jostedalen. Truleg vil ei av dei aller heftigaste actionscenene i den neste filmen bli spelt inn i Sogn.

James Bond kjem til JostedalsbreenJames Bond kjem til Jostedalsbreen

Alt i mars kan agent 007 rulle rundt i snøen på Jostedalsbreen. For filmselskapet EON Productions som skal produsere den neste James Bond-filmen, viser nemleg stor interesse for breen.

Klassisk biljakt

Johnny Flaten i Fjordfilm seier det blir ei biljakt i god, gammal Bond-stil, med James Bond i sin sølvfarga Aston Martin i full fart over eit islagt vatn. Han er forfulgt av skurkar i Jaguarar og på snøscooterar. Bond er på vei til skurkane sitt hovudkvarter som skal smeltast ned inne i ein isbre. Dette er eit av filmens høgdepunkt.

Om alt går etter planen kjem ein filmstab på 160 personar frå USA og Storbritannia, og dei skal bli i Sogn i kring ein månad.

Fryktar utrygg is

Og informasjonssjef i Statkraft, Norman Kjærvik, kan stadfeste at dei har fått spørsmål om filmopptak på og ved Styggevatn, like ved Jostedalsbreen.

– Me er i utgangspunktet positive, men må ta visse atterhald av tryggingsmessig karakter. Me må vurdere istilhøva meir

inngåande, for å vere på den sikre sida.

Om våren kan det vere usikker is på nettopp dette vatnet, så her må ei skikkeleg vurdering gjerast i forkant, seier Kjærvik.

Lyd og video