Kunst eller visuell forurensning? |
Velkommen ( Logg inn | Bli medlem )
![]() ![]() |
Kunst eller visuell forurensning? |
19.01.05 - 13:34
Innlegg
#1
|
|
|
Registrert Gruppe: Registrert bruker Innlegg: 13 Ble medlem: 27.08.2003 Bruker nr.: 13 317 |
Hva mener du om å plassere tre oransje meteorer i fjellveggen i Lysefjorden?
|
|
|
|
20.01.05 - 17:50
Innlegg
#2
|
|
|
Registrert Gruppe: Registrert bruker Innlegg: 19 Ble medlem: 21.08.2004 Bruker nr.: 19 777 |
Det er vondt å taka dette for seriøst å vera, men er det ,,kunst" så skal ein jo sjå vekk i frå grenser. Men likevel; eg skal ikkje seia at kunst er stygt, kunst er fint, for all del. Naturen sitt kunstverk er òg praktfullt. Lysefjorden er jo absolutt eit av dei flottaste kunstverka naturen har å by på. Ikkje er han særs ,øydelagd' av menneskelege inngrep heller; burtsett frå Fløyrlia, då.
Noko kallast ljodforureining. Vel, noko kan vel òg kallast for visuell forureining eller noko i den duren(vindmøller, demningar, prangande bygningar). Uansett, desse tinga har ikkje eit fasitsvar på kva som er fint eller stygt. Men når ein kjem inn i denne trolske fjorden, gjømt blant høge granittveggar som har gjeve namn til Lysefjorden, er det av di mennesket får ei heilt anna rolle enn når det til dømes befinn seg på eit kunstgalleri. Så når ein på nytt kjem inn hit då, skal det henga tri oransje ,,meteorar" i fjellveggen? Kva gale er det som har skjedd då, undrar eg meg på. -Nei, kunst er kunst, natur er natur. La Lysefjorden vera ei perle, ikkje forurein han òg. Skal ein absolutt ha desse skrekkslagne ,rundingane', kan ein forminska dei og henga dei på kvar si boligblokk, eller kanskje på Ullandhaugtårnet? |
|
|
|
![]() ![]() |
| Enkel visning | Tiden er nå: 18.05.13 - 21:23 |
|