Hopp til innhold

Varslar nye sanksjonar mot helsekostfirma

Forbrukarombodet har no sendt eit lovbrotsgebyr på rekordstore 1,75 millionar kronar til helsekostfirmaet Uno Life etter klagestorm frå forbrukarane. Og varslar nye sanksjonar om praksisen for innkrevjing ikkje stansar.

Uno Life

Helsekostfirmaet Uno Life som held til i Drammen nektar for å gjere noko ulovleg, sjølv etter ei rekordstor millionbot for brot på marknadsføringslova.

Foto: faksimile frå nettsidene til Uno Life

– Det verkar som det er ein forretningsmodell å få folk på kroken for så å sende purringar og til slutt inkassokrav, seier juridisk direktør ved Forbrukarombodet, Frode Elton Haug.

Mange klager på nettfirma

På Gulesider.no kan ein lese nokre av dei særs mange klagane på helsekostfirmaet Uno Life, som no kan få eit endå større gebyr enn det på 1,75 millionar kroner dei no må betale.

Foto: Skjermdump: Gulesider.no

Helsekostfirmaet Uno Life sel produkta sine over telefonen. Sidan i vår har Forbrukarrådet og Forbrukarombodet motteke fleire tusen klagar frå personar som føler seg lurt.

Det særs mange klagarar seier er at dei har sagt ja til ei prøvepakke med helsekost, for så å ta imot fleire pakkar med faktura som fører til inkassokrav dersom dei ikkje blir betalt. I mellomtida har gjerne kunden forsøkt å avbestille varene, medan selskapet hevdar avtalen ikkje er oppsagt. Men mange meiner dei heller ikkje har sagt ja til ei prøvepakke til å byrje med.

– I august varsla vi eit lovbrotsgebyr i millionklassa til Uno Life, men etter at vi fredag møtte selskapet for å fremja krav om å stanse praksisen med purringar og inkasso, er gebyret no vedteke, seier Haug til NRK.

Held fram med å sende krav

Selskapet må no betale 1,2 millionar kroner i lovbrotsgebyr, i tillegg må styreleiar betale eit gebyr på 300.000 kroner og dagleg leiar må betale 250.000 kroner. Det er det største gebyret som er gitt sidan ordninga med slike gebyr blei innført for fem år sidan.

Uno Life stansa purringane i nokre få dagar, men har varsla at dei no held fram med praksisen og vil handsame kvar klage individuelt. Mange kundar som tidlegare har klaga, kan difor vente seg nye brev frå selskapet. Det sett Forbrukarombodet lite pris på.

– Ikkje betal rekninga

Frode Elon Haug

Juridisk direktør ved Forbrukarombodet, Frode Elton Haug, er lite imponert over forklaringane helsekostfirmaet gir på dei over to tusen klagane som så langt er kome inn.

Foto: Forbrukerombudet.no

Den juridiske direktøren i Forbrukarombodet gir klare råd til folk som forsøker å komme seg ut av runddansen med helsekostfirmaet.

– Ikkje betal rekninga, send kopi av avbestillinga du har sendt på e-post til selskapet til inkassoselskapet og skriv at du protesterer på kravet. Då kan ikkje selskapet krevje inn pengane før tvisten er løyst. Då går du inn på Forbrukarrådet sine nettsider og fyller inn klageskjemaet, forklarar han.

Helsekostfirmaet trugar med rettssak

NRK har forsøkt å få tak i dagleg leiar og selskapets advokat utan å lukkast. På nettsidene deira står det i dag følgande kommentar til milliongebyret dei må betale:

«Vedtaket fattet av Forbrukerombudet er feilaktig både hva gjelder faktisk fremstilling og rettslig vurdering, hvilket innebærer at Uno vil få vedtaket overprøvet og om nødvendig bringe saken inn for domstolen. Uno vil understreke at ordinær virksomhet videreføres og at Uno vil inndrive alle rettmessige kundefordringer. De kunder som mener å ha innsigelser mot Unos fordring vil selvsagt bli behandlet i henhold til gjeldende regler for inndrivelse og der tvist oppstår vil sakene på vanlig måte bringes inn for forliksråd.»

Flere nyheter fra NRK Buskerud