Hopp til innhold

Slik blir Utøya-minnestaden

Medan minnestadane etter terrorhandlingane 22. juli 2011 i Oslo og Hole kommune blir offentlege, skal minnestaden på Utøya vere ein meir privat stad. No har AUF bestemt korleis den skal sjå ut. Sjå planane her.

Lysning+natt+perspektiv.jpg

AUF sin eigen minnestad på Utøya skal stå klar 22. juli 2015. No er planane klare.

Foto: Fabian Schnuer Gohde

– Minnestaden på Utøya blir ein roleg lunge kor sommarfuglane skal trivast og som ein kan gå til for å høyre til og tenke etter, åleine eller saman med andre. AUF skal i samarbeid med arkitektar forsøke å skape ein stad kor det vakre og verdige står i sentrum, seier leiar Mani Hussaini.

Minnested på Utøya

For å få sommarfuglar til å trivast blir spesielle blomstrar og plantar sett ut i lysninga.

Foto: Fabian Schnuer Gohde

– Dette blir vårt eige minnesmerke, men mange har fått gi innspel. I gruppa som har jobba fram forslaget sit både overlevande og etterlatne. Det har vore viktig å lytte til innspela som har kome inn. Vi skal lage ein stad kor ein kan dyrke ettertanke, seier Hussaini.

Sommarfuglar

Arkitektane som har teikna minnestaden seier det ligg eit grundig forarbeid bak. Både biologar og naturkjennarar har vore med som rådgivarar.
– Vi har funne fram til plante- og blomsterartar som kan trekkje sommarfuglar til seg. Staden ligg i ei lysning som skrånar ned mot vatnet på sida av Utøya som vender mot land, fortel dagleg leiar Haakon Rasmussen i 3RW Arkitekter.

Medan den offentlege minnestaden på landsida, på odden Sørbråten, førte til protestar frå naboane, blir AUF sin eigen minnestad lite synleg frå land.

Kutt i naturen ved Utøya blir 22. juli-minnested

Staten overtar ansvar for Utøya-minnested

Lysning+sett+ovenifra.jpg

Lysninga ligg i ei skråning ned mot vatnet. Rundt står store furutre. Dette bildet er frå fugleperspektiv.

Foto: Fabian Schnuer Gohde

AUF sin minnestad blir ein sirkel med sitteplassar, delvis steinlagt for å gjere staden tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

– Det er viktig å ta vare på naturkvalitetane rundt, så dei store furutrea får stå i fred rundt, seier Haakon Rasmussen.

Sjølv om nybygginga av ulike hus og forsamlingslokale neppe står ferdig til sommaren, skal minnestaden på Utøya stå klar 22. juli 2015, seier leiar i AUF, Mani Hussaini.

– Vi håper minnesmerket vil bli ein stad å heidre dei vi har mista, men og bandet mellom oss menneske, fortel han.