Hopp til innhold

Skarpskyttarar og bombehundar i Drammen

Tryggingstiltaka rundt karikaturutstillinga og debatten om ytringsfridom i Drammen pregar bybildet.

Skarpskyttere ved Drammens Teater

Skarpskyttarar frå politiet overvaker situasjonen frå taka rundt teateret i Drammen

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Det byrjar å fylle seg opp med publikum i utstillingslokalet i Drammens Teater.

Sikkerhet karikaturutstilling

Dei besøkjande må gjennom metalldetektor for å sjå karikaturutstillinga i Drammens Teater.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

Direktør ved Drammens Teater, Jan Beckmann, er nøgd med opptakta til dei ulike arrangementa som skal gå føre seg i dag.

– Eg synast det er fin stemning her no, vi har senka skuldrene og folk går rundt og reflekterer over teikningane. Eg er nøgd med oppmøtet, sjølv om særs mange er frå pressa førebels. Men det betyr vel at det er stor interesse for temaet, seier Beckmann til NRK.

– Sterk oppleving

Alle som skal inn på utstillinga må gjennom ein metalldetektor. Gatene rundt teateret er stengde. På taka rundt ligg skarpskyttarar frå politiet. Det skaper ei uvant stemning i Drammen, og for dei som skal delta på eit seminar om religionssatire og ytringsfridom i samband med utstillinga.

Karikaturutstilling Drammens teater

Stadig fleire kjem for å sjå karikaturane som blir vist fram. Det finst ingen teikningar av profeten Muhammed i utstillinga.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

– For meg personleg er det ei sterk oppleving å bli eskortert inn av ein væpna politimann med maskinpistol, seier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk til NTB.

Karen Marie Mikkelsen er blant dei stadig fleire som har tatt runda og studert karikaturane.

– Det skapte ei spesiell stemning å komme inn gjennom kontrolltiltaka. Det gjer at eg tenker på kva ytringsfridommen betyr. Og det er godt å sjå at teiknarar frå så mange land har bidratt til utstillinga, seier Mikkelsen.