Hopp til innhold

Skal sykle 50 km/t i en time

Sykkelryttaren Reidar Borgersen skal laurdag forsøke å forbetre sin eigen norske rekord på fem mil tempo. Han håper det skal sende han til VM.

Reidar Borgersen

Den tidlegare noregsmeisteren på skøyter Reidar Borgersen skal forbetre sin eigen rekord på fem mil på sykkel, må han halde ei snittfart som svarar til fartsgrensa i tettbygde strok.

Foto: Team Joker

– Det er ikkje så mykje meir eg får gjort enn å ete godt og lade batteria, fortel den norske meisteren i temporitt.

Reidar Borgersen er og kjend for skøytekarrieren han har hatt. Han har vunne både 5000 og 10 000 meter i NM, og har delteke i VM for enkeltdistansar. Dei seinare åra har Modum-ryttaren frå Nedre Eiker konsentrert seg mest om å sitte på sykkelsetet. Og no vil han til VM i Spania om ein månad.

Flat veg – jamt tråkk

Laurdag kveld set Borgersen seg på sykkelen på Bispevegen i Revetal i Vestfold for å tråkke hardt i fem mil. Hans ståande norske rekord på denne distansen er 1.00.52. No er målet å kome under ein time.

Reidar Borgersen 2

Rekordforsøket blir ein kamp mot mjølkesyra når Reidar Borgersen skal sykle 50 kilometer fram og attende på ein veg i Vestfold.

Foto: Team Joker

– Det gjeld å komme seg opp i fart, bøye nakken og halde jamt tempo. Strekninga er flat og ideell for rekordforsøket, fortel Borgersen.

Dersom han viser nye rekordtakter håper han det skal overtyde landslagsleiinga om at han fortener å få delta i VM. Om det skjer, er ambisjonane moderate.

– Å vere norsk meister er ikkje det same som å vere i verdseliten, humrar han.

Under rekordforsøket køyrer ein motorsykkel føre, men ikkje så nært at han får fordel av å liggje i dragsuget. For å få til det einsame sykkelløpet får han hjelp av Tønsberg CK og sportsdirektøren i Team Joker, som han syklar for.

– Kvifor er det viktig med norsk rekord?

– Som gamal skøyteløpar er eg oppteken av tider og rekordar. Det sitt i meg. No satsar eg på at snittfarta blir høg og at det blir lite motvind, seier han til NRK.

Og skal han setje ny norsk rekord må han halde 50 km/t i snitt, i ein time.