Hopp til innhold

Pass deg for dyra i vegkanten

Det er høgsesong for påkøyrslar av vilt. Snøen legg seg tjukt i skogane og viltet trekk ned mot lågare strok og kryssar vegane. No bør du skjerpe sansane.

Ver på vakt mot viltpåkøyrslar

Berre i eitt fylke er sju rådyr og to elg påkøyrde det siste døgeret. Dei neste vekene er det spesielt viktig å følge med på vegkanten når du køyrer bil.

Ferske spor i snøen viser at elg og rådyr stadig kryssar fylkesveg 40 i Numedal. I dag set viltmyndigheitene opp skilt langs vegen slik at bilistane skal vere merksame på faren for å kollidere med dyra.

Ole Knut Trondrud frå entreprenøren NCC spar snø og lagar plass til eit nytt elgfareskilt.

– Viltnemnda har bedt oss om å setje opp skilt frå her og ned til skogholtet, seier han medan han peikar nedover den opne sletta ved fylkesvegen.

Dei siste vekene har mange rådyr og elg blitt køyrt i hel på vegane mange stadar i Buskerud.

Hvert år blir mer enn fem tusen hjorte-dyr påkjørt og drept i trafikken. Og resultatet kan være store skader.

Høgsesong for påkøyrslar

Sju rådyr og to elg er påkøyrd det siste døgnet, de fleste på riksveg 7 og riksveg 35. Den siste påkøyringa skjedde i Ål i dag tidleg.

På vegane sør i fylket blei nærare 50 rådyr påkøyrde i desember. Ein sjeldan gong mistar folk livet i kontakt med opptil fleire hundre kilo tunge dyr. Kostnadane etter slike kollisjonar blir store for samfunnet.

ettersøkskoordinator i Flesberg, Tom Ivar Stepien.

Ettersøkskoordinator i Flesberg, Tom Ivar Stepien, har bestilt fleire elgfareskilt til vegen i Numedal.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

No strøymer meldingane om vilt i vegbana inn til ettersøkskoordinator i Flesberg, Tom Ivar Stepien.

– Vi har fått meldingar både i går og i dag så vi har sett opp stadig fleire skilt i området. Seinast sist fredag var det påkøyrsel.

– Skal bilistane vere ekstra på vakt no?

– Ja, dei neste to-tre vekene er dei mest utsette i løpet av heile året, seier Stepien.