Hopp til innhold

Tekno-omsorgen er over oss

Ein robot som dusjar deg heime på ditt eige bad, automatiske blodprøver og videokonferanse med fastlegen er snart ein realitet.

Egil Utheim, dagleg leiar Mektron

Egil Utheim har utvikla ein automatisk dusj som gjer at pleietrengande kan dusje sjølv når dei vil.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Drammen og Ål kommune er vald ut til å vera pilotkommunar i prosjektet Intelligente helse- og omsorgsløysingar, som skal sjå korleis moderne teknologi kan brukast i omsorga av eldre og pleietrengande.

– Målet er at bebuarane, som i utgangspunktet ikkje greier seg sjølv, likevel skal kunne bu i sin eigen heim. Her skal dei få den pleie og omsorg dei treng ved hjelp av moderne teknologi, fortel prosjektleiar i Arena Helseinnovasjon, Hilde Holm.

Drammen kommune byggjer no nye omsorgsbustader som er tilrettelagt vår teknologiske tid. I Ål kommune er det pleietrengande i private heimar som ved hjelp av høgteknologi skal kunne få den hjelpa dei treng heime i staden for å flytte på institusjon.

Kommunikasjonsproblem hindrar utvikling

Innan pleie og omsorg er det lite som viser at Norge er eit høgteknologisk land, seier prosjektleiar Hilde Holm. Ho fortel at eit problem er at fagfolka innan teknologi ikkje snakkar same språk som dei som jobbar i helse- og omsorgssektoren.

Hilde Holm

Hilde Holm er prosjektleiar for Intelligente helse- og omsorgsløysingar

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Det unike med dette prosjektet er at teknologar har jobba saman med tilsette innan helse- og omsorgssektoren i dei to kommunane. Saman har dei funne eit felles språk og deretter kartlagt kva som trengst og utviklast, fortel Holm, og presiserer kor viktig kommunikasjonen mellom fagmiljøa er.

– Teknologane må å vite kva dei treng å utvikle, og dei som jobbar i omsorgssektoren må vite meir om kva som er mogeleg å få til, seier prosjektleiar Hilde Holm.

Automatisk dusj

Døme på teknologiske hjelpemiddel kan vere detektorar som registrerer fall og umiddelbart sender informasjon om dette dit hjelpa er. Det kan vere apparat som tek blodprøve automatisk utan å stikke, for deretter å sende informasjon rett til journal og behandlande lege. Ein kan kommunisere med lege og andre fagfolk via video.

Egil Utheim er dagleg leiar i gründerfirmaet Mektron. Han viser fram ein automatisk dusj som skal installerast hjå brukarane i dei to kommunane og fortel at den er utvikla med ein kombinasjon av robotteknologi og teknologi frå dataspelbransjen.

– Dusjen finn ut kor du står, flytter seg deretter rundt på kroppen og vaskar deg med såpe. Til slutt vil den også tørke deg, seier Utheim.

– Det er rett og slett ein arm som er montert på veggen, som gjer heile den jobben du elles ville ha gjort sjølv, fortel gründer Egil Utheim. Han trur at for den som ikkje lenger er i stand til å lyfte armane eller bøye seg, vil dette vere ein mogelegheit til å kunne ivareta eigen hygiene, noko som igjen er viktig for å ha eit verdig liv.

Sjå korleis dusjen fungerer:

Video Automatisk dusj i eldreomsorgen

Automatisk dusj i eldreomsorgen

Navarsete vil ha fleire heime

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete har komme eins ærend til Drammen for å høyre meir om teknologiprosjektet.

– Eg trur omsorgsteknologien vil vera eit av fleire viktelement i framtidas omsorg, seier statsråden, som meiner det å bruke moderne teknologi saman med menneskeleg omsorg kan gjera at fleire kan bu heime lenger.

Liv Signe Navarsete (SP)

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) vil at fleire pleietrengande skal kunne bu heime.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Det styrkar tryggleiken og sjølvrespekten til folk å kunne vera sjølvstendig så lenge som råd, seier Navarsete, og legg til at alle undersøkingar viser at det dei fleste helst vil, er nettopp å vera sjølvstendige og bu heime så lenge som råd.

Skal ikkje erstatte menneskeleg kontakt

Alle veit at Norge står overfor store utfordringar dei neste 10–20 åra. Me veit det blir for få hender til å drive omsorg når talet på eldre her i landet aukar.

Det er ikkje til å komme ifrå at målet med å ta i bruk meir omsorgsteknologi er å gjera behovet for sjukeheimsplassar og pleiarar mindre. Kommunal- og regionalministeren vil likevel ikkje vera med på at dette berre er for å spare pengar.

– Dette vil tvert i mot frigjera menneskelege ressursar som kan brukast på dei som treng det mest, trur statsråden, som avviser at kommunane med dette skal slutte å byggje sjukeheimar.

– Sjølvsagt skal det framleis byggjast sjukeheimsplassar, men kanskje kan ein utsetja behovet for sjukeheimsplass to til tre år. Det vil gje betre livskvalitet for kvar og ein, og det vil gjera at dei som verkeleg treng ein sjukeheimsplass, kan få det raskare enn i dag, seier Navarsete.

Kan gjerne dusjast av robot

Liv Signe Navarsete synest den automatiske dusjen ho får demonstrert ser spennande ut.

– Dette er jo noko som verkeleg gjer at ein kan styra seg sjølv lenger, meiner ho, og ser ikkje bort frå at ho kan komme til å bruke ein slik sjølv:

– Kjem den dagen at eg har behov for hjelp, så vil eg definitivt ønskje å greie meg sjølv så lenge som mogeleg. For meg vil det vera eit mål å leva eit sjølvstendig å godt liv så lenge eg kan, slår statsråd Navarsete fast og kallar det å leva lenger i eige liv.