Hopp til innhold

May Kristin (19) er lærling i reingjeting

Ho valde ein utradisjonell yrkesveg. May Kristin Haugo frå Ål er lærling i reindrift.

May Kristin Haugo

May Kristin Haugo er på veg mot fagbrev i reindrift. No er ho lærling.

Foto: privat

Sytten år gamal reiste May Kristin Haugo frå Ål til Kautokeino for å gå på reindriftsskule.

– Det byrja då eg gjekk på landbruksskulen i heimkommunen min. Då var ein del av undervisninga å vere med på slakting av rein.

Då februar kom, og Haugo skulle søke på vidare utdanning, hadde ho lyst å finne på noko annleis. Ideen var sådd. På nettet fann ho ut at det var reindriftslinje på ein skule i Kautokeino.

Lærling i reindrift

May Kristin Haugo 2

Ho var berre 17 år då ho sette kursen mot Kautokeino for å lære om reindrift.

Foto: Privat

– Det var berre på tull i starten, men etter å ha tenkt meg om, vart det seriøst for meg.

Ho budde i Finnmark frå august til juni. Etter to års landbruksutdanning treng ho to år som lærling før ho får fagbrev som reindriftsutøvar.

– Vennane og familien min i Ål synast det er litt spesielt og rart, men dei støttar meg veldig, fortel Haugo.

Ho vaks opp på gard og familien driv på med sau. Utan at ho ser den heilt store samanhengen.

– Men eg er glad i dyr då, det er kanskje noko der, smiler ho.

Ut for å gjete

Ho på veg ut på fjellet i Vassfaret. Ho jobbar for Filefjell Tamreinlag. Arbeidsdagen byrjar med å komme seg fram til reinen i bil på sommaren, eller snøskuter no på vinteren.

May Kristin Haugo 3

Når nittenåringen gjeter fleire tusen rein må ho bruke snøskuter for å halde dei samla.

Foto: Privat

– Så er det å passe på at reinen går innanfor beiteområdet sitt. Den går gjerne høgt opp i fjellet kor det ikkje er så mykje snø. Kvar dag er både lik og ulik. Er det skodde så ser vi ikkje reinen og kan like godt reise ned igjen, seier reindriftslærlingen.

Held styr på 3000 rein

Saman med to andre køyrer ho rundt på skuteren og held flokken på fleire tusen rein samla. Det er dette ho vil gjere i livet.

– Det er det å kunne vere ute kvar dag og vite at dyra har det bra på grunn av det eg gjer. Det er så mange fine augneblinkar, seier Haugo før ho sett av garde.