Hopp til innhold

Glasskunst til ein million kroner

GOL (NRK): Når Gol nye skule opnar dørene for sine 535 elevar i slutten av august, blir dei møtt av ein unik kunstnerisk utsmykking i glas.

Gol skule

NY SKULE: Kunsten som er laga av Gunnveig Nerol kan sjåast frå begge sider.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Det er den lokale biletkunstnaren Gunnveig Nerol som har laga glaskunsten på den nye skulen. Dette er abstrakt kunst laga i massivt glas som kan sjåast frå og utsida av skulen.

– Ungane som går her skal oppleve både leik og refleksjon, seier Nerol.

Gunnveig Nerol

Kunstnaren Gunnveig Nerol frå Hol.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Den kunstneriske utsmykkinga har kosta Gol kommune ein million kroner. Prislapp på den nye skulen er 235 millionar kroner.

Prosjektleiar i Gol kommune Sigvart Flåm, reknar med at kalkylen på det moderne skulebygget vil halde, slik kommunestyret i Hallingdalsbygda har løyvd i sine budsjett.

Tilpassa kunst

Tysdag blei altså glaskunsten i Gol nye skule montert under leiing av prosjektleiar Tore Grindlia. Grindlia har leia ei rekkje liknande arbeid, og ser derfor ikkje noko problem å løfte på plass glasklossar med biletkunst inni med ei vekt på 3–400 kg. Sugekoppane på krana som lyftar glaskunsten på plass, kan ta opp til 500 kg.

Biletkunstnar Gunnveig Nerol frå Hol i Hallingdal har tenkt på ungane som skal gå på skulen ved Valdresvegen i Gol sentrum då ho forma ut det kunstnariske arbeidet.

– Her skal det gå born og ungdom frå fyrste til og med tiande klasse, seier Nerol og då må ein tilpasse kunsten etter dette.

Abstrakt kunst

Kunsten til Nerol er abstrakt, men samstundes symboltung. Glaskunsten blir sett inn rundt hovudinngangane. I sørfasaden der dei driv og monterte på tysdag har det sørlege feltet ved inngangen bilete som symboliserer eit nytt og komplisert univers. På nordinngangen er det perspektiv, ulike retningar.

– Ein lærer jo å sjå ting på litt ulike måtar på ein skule, seier biletkunstnaren, som frå og til har brukt bortimot to år på arbeidet med utsmykkinga av Gol nye skule.

Ein skule som står ferdig til å ta imot elevar og lærarar allereie komande haust.

Gol skule

Nye Gol skule skal stå klar komande haust.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Flere nyheter fra NRK Buskerud