Hopp til innhold

Ber om bistand frå Kripos

Politiet ber om hjelp frå Kripos for å etterforske den omfattande brannen i Hemsedal statlege mottak i natt.

Brann ved Hemsedal statlige mottak

Ettersløkkinga på branntomta i Hemsedal gjekk framleis føre seg onsdag føremiddag. No skal Kripos granske branntomta.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Regionlensmann i Hallingdal, Inger Lill Lanes, seier til NRK at det er omstenda rundt brannen som gjer at Kripos blir kopla på brannetterforskinga.

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

Inger Lill Lanes, regionlensmann i Hallingdal, seier det førebels ikkje er noko som tyder på at brannen i asylmottaket er påsett.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Vi går ut breitt i etterforskinga, og kan ikkje sjå bort frå nokon årsak til brannen. Det er klart at vi tar med oss brannane i asylmottak i Sverige når vi ser på det som skjedde i Hemsedal i natt. Men det er ingenting som førebels tyder på at den er påsett, seier Lanes.

Mykje tyder på at brannen starta i eit eldre kjøkken i tilknyting til administrasjonsbygget på Hemsedal statlege mottak. Kjøkkenet er eit gamalt hotellkjøkken, og har ikkje vore i bruk.

– Det har vore reparasjonsarbeid på det elektriske anlegget i kjøkkenet i den seinare tida. Men vi konkluderer ikkje i noko som helst retning, seier Lanes.

Skal bruke brannhund

Brannen i Hemsedal

Før klokka 02 natt til onsdag tok det full fyr i ein eldre del av Hemsedal statlege mottak. 162 bebuarar blei evakuerte.

Foto: Hallgrim Ødegård

Pressekontakt i Kripos, Ida Dahl Nilssen, stadfestar overfor NRK at Kripos har blitt kontakta av Nordre Buskerud politidistrikt med spørsmål om bistand.

– Vi har fått ei oppmoding om å hjelpe til med brannteknisk bistand og brannhund. Vi må saman med politidistriktet vurdere når det vil vere hensiktsmessig for våre fagfolk å reise til Hemsedal, skriv Nilssen til NRK.

Både leiinga ved asylmottaket og andre har blitt avhøyrde om brannen.

– I løpet av natta har vi avhøyrt fleire vitne, og vil halde fram med det utover onsdagen, seier regionlensmann Lanes.