– Både internasjonale studiar og undersøkingar som er gjort i Norge viser at byggesektoren er høgt oppe på lista over det som handlar om korrupsjon. Det er nok fordi det ofte er store pengar inne i bildet.
Det seier spesialrådgivar Tor Døvik i anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency International Norge.
Måndag fortalde NRK at politiet har fengsla ein saksbehandlar i Drammen kommune, sikta for grov korrupsjon. Ho skal ha motteke fleire hundre tusen kroner over fleire år for å godkjenne byggjesøknader. Førebels inngår tretti ulike byggjesaker i politiets etterforsking.
– Tvilar på at saksbehandlinga er rettferdig
Døvik fortel at folk som tek kontakt med Transparency ofte lurer på om saksbehandlinga dei har opplevd har gått rett føre seg.
– Vi får meldingar som ofte handlar om prosessen rundt byggeløyve. Da lurer folk på kva som er lov og ikkje lov, fordi prosessen verker lite gjennomsiktig. Og i mange norske kommunar sit enkeltpersonar og forvaltar stor myndigheit. Folk kan tvile på deira dømekraft. Dei er då også sårbare for påverknad.
Ein stor undersøking KS gjorde ute i kommunane i Noreg i 2013 viste at 4 av 10 tilsette seier dei kjenner til at nokon i kommunen er tilbode fordelar i ulike situasjonar.
– Det er viktig med opne faglege samtalar i avdelingane, at saksbehandlarar ikkje jobbar med dei same utbyggarane, eller områda i kommunen. Den interne kontrollen bør vere sterk.
Byplansjef i Drammen, Hilde Haslum skriv at førebelse undersøkingar viser at fleire rutinar er brote i korrupsjonssaka.
«Vi har avdekket 5 ulike typer rutine/regelbrudd som er benyttet i de aktuelle sakene. Forfalskning av ledergodkjenning er bare en av dem.»
– Må ikkje vere naive
Drammen kommune bestilte måndag gjennomgang av rutinar, og vurdering av kvaliteten på desse, frå Buskerud kommunerevisjon. Denne rapporten skal leverast innan 1. juli. I tillegg skal eksterne granskarar inn for å undersøke dei hundrevis av byggjesakene som er behandla i perioden kommunen fryktar ulovlegheiter kan ha skjedd.
Spesialrådgivar Tor Dølvik i Transparency seier han ikkje tar stilling til korrupsjonssaka som er under politietterforsking i Drammen, men at saka uansett viser kor krevjande det blir når det er tvil om lovar, reglar, reguleringsplanar og byggjeforskrifter blir følgt.
– Det viser kostnadane ved slike saker. Det vil gå med utruleg mykje tid og ressursar til å rydde opp, i staden for å jobbe med fagleg utvikling og kaste seg over nye saker som skal handsamast. Kanskje hadde ein unngått dette med betre førebyggande arbeid og kontroll.
– Er det mykje korrupsjon i Noreg?
– Det er nok mindre enn i dei fleste andre land, men vi skal ikkje vere naive og tru at alt er såre vel i landet vårt. Om lag halve befolkninga trur det går føre seg korrupsjon i Noreg. Difor er det viktig at slike saker blir avdekka, seier Dølvik