Hopp til innhold

– Epidemien er ute av kontroll

Lindis Hurum frå Hole jobbar i Liberia for å overvinne ebola-epidemien. I eit land der folk trur meir på heksedoktorar enn legevitskap.

Lindis Hurum i Liberia

Leger Uten Grenser er i ferd med å sette opp det største mottakssenteret for pasientar dei nokon gong har laga. Innan helga skal det kunne ta i mot 300 moglege ebola-sjuke. Lindis Hurum frå Hole har vore naudhjelpskoordinator i Liberia dei siste to månadane.

Foto: Leger Uten Grenser

– Tilstanden er kritisk. Epidemien er ute av kontroll, vil eg seie. Menneske blir sjuke, og menneske døyr, kvar dag. Utan at responsen blir særleg betre. Eg har sett ein situasjon som har blitt verre for kvar dag eg har vore her.

Lindis Hurum frå Hole i Buskerud har vore i hovudstaden Monrovia i det vestafrikanske landet Liberia i to månader. Ho er naudhjelpskoordinator for Leger Uten Grenser og har jobba i krigsområde og under naturkatastrofar sidan 2006. Likevel har ho aldri opplevd ei verre situasjon.

Må få massiv hjelp frå andre land

Lindis Hurum

Lindis Hurum frå Leger Uten grenser fortel at verdssamfunnet må gjere ein massiv innsats for å hjelpe dei vestafrikanske landa med å overvinne virusepidemien.

Foto: Leger Uten Grenser

– Eg trur dessverre det kjem til å bli endå verre her, før det eventuelt blir betre om ei god stund, seier ho til NRK.

– Kva må til for å avgrense ebola-epidemien?

– Det er ingen del av responsen som er god nok. Vi har sett opp eit stort mottakssenter som innan helga kan ta i mot 300 pasientar, som er det største vi nokon gong har organisert. Det er likevel berre ein liten del av løysinga, seier ho.

Organisasjonen leger Uten Grenser har fleire tiårs røynsle med å drive hjelpearbeid i krisesituasjonar omkring i verda. Lindis Hurum påpeikar at det meste manglar for at Liberia skal kunne handtere epidemien sjølv.

–Vi må lære opp lokalt helsepersonell, drive storstila informasjonsarbeid overfor befolkninga og vi må få mykje betre data på talet sjuke og døde. Dette klarer ikkje myndigheitene sjølve. Dei må få massiv hjelp utanfrå om situasjonen skal bli betra, fortel Hurum.

Heksedoktorar og bønn

Lindis Hurum i Liberia

Desinfisering, handvask og fråvær av fysisk kontakt er blant dei mindre omfattande tiltaka for å sikre mannskapet som jobbar i Liberia, og for å hindre at ebola-epidemien kjem meir ut av kontroll.

Foto: Leger Uten Grenser

Innbyggarane trur i stor grad på urter, bønn og naturmedisinar som behandling mot den hissige virusepidemien. Det har gjort arbeidet med å isolere dei sjuke særs vanskeleg.

– Det er dette synet som og har ført til at utbrotet har fått eit så stort omfang. Vi må forklare at dei må unngå kontakt med andre menneske, at dei ikkje kan ta på sjuke personar, at dei må stole på helsepersonellet. Mange har ikkje trudd at sjukdommen er dødeleg og at ein kan få hjelp ved å bruke urtemedisin, seier Hurum.

–Men eg har og sett ei endring dei siste to vekene. No tek fleire og fleire innover seg at sjukdommen er særs alvorleg, sjølv om dei er usikre på korleis ein kan unngå å bli smitta.

Ikkje redd for eiga helse

Lindis Hurum seier at ho ikkje har frykta for si eiga helse medan ho har opphalde seg i Liberia dei siste månadane. Leger Uten Grenser har strenge protokollar for korleis mannskapet skal hindre å bli smitta.

– Vi har smittevernutstyr og hygienerutinar som er særs strenge når vi er i smittefarlege områder, og dei stoler eg på. Det er heile tida i bakhovudet mitt. Og ute i samfunnet har eg i løpet av desse to månadane hatt null fysisk kontakt med andre menneske. Ikkje eit einaste handtrykk eller ein klem.

–Kva motivere deg til å gjere dette?

– Paradokset er at det er ganske enkelt å stoppe spreiinga av sjukdommen. Dersom folk unngår kontakt med kvarandre og er nøye med hygienen, så vil epidemien ta slutt – sjølv om det kan ta lang tid.

– Eg merkar at berre det at vi er her gir folk håp, og håp skal ein ikkje undervurdere. Det er det som gir meg motivasjon, det å hjelpe dei som elles ikkje får hjelp, fortel ho.

Lindis Hurum skal etter planen reise heim til Noreg til helga, dersom det let seg gjere. Fleire flyselskap har stoppa alle flygingar til landa Liberia, Guinea, Sierra Leone og Nigeria, som er råka av ebola-utbrotet.