Hopp til innhold

16 års fengsel for Hurum-drapet

Ein 48 år gamal mann er i Drammen tingrett dømt til 16 års fengsel for å ha drepe kona i Hurum i Buskerud i april i fjor.

Sand gård i Hurum

Mannen ringde sjølv politiet og fortalde at han hadde drepe kona si. No er han dømt til 16 år i fengsel for overlagt drap.

Foto: Ingvild-Anita Velde / NRK

Dommen er lik straffa aktor kravde for mannen. I tillegg til fengselsstraff må mannen betale kvinna sine tre born 200.000 kroner kvar. To av desse er den dømte sine biologiske born.

Ekteparet budde på Sand gård der dei tok seg av dyra på garden og jobba i bakeriet. Kvinna skal kort tid før drapet ha sagt til mannen at ho ville skiljast, fordi ho hadde treft ein ny mann. Tiltalte tok det særs tungt, har han sagt i Drammen Tingrett.

Fekk ideen da han så slegga

Ideen om å slå kona i hel fekk han da han var inne i hønsehuset der han fekk auge på ei slegge. Denne slegga tok han med seg og gøymde bak senga deira.

Statsadvokat Anne Margrete Katteland

Aktor Anne Margrete Katteland fekk straffa ho bad om for 48-åringen.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Da kona hadde lagt seg og sovna om kvelden, tok han fram slegga. Men han hadde samvitskvalar mot å bruke den mot ho.

– Eg sa til meg sjølv at eg ikkje kunne slå i hel mora til de to borna våre, sa tiltalte i si forklaring.

Aktor i saka var statsadvokat Anne Margrete Katteland. I retten meinte ho det var liten tvil om at det var eit overlagt drap.

– Han har tenkt nøye gjennom det og vega for og imot om han skulle gjere det. Han har hatt motførestellingar mot det, men gjennomførte det til slutt, seier Katteland.

Ueinig i dommen

Mannen vil anke dommen, seier forsvararen hans.

-Han tar dommen til etterretning, og han vil anke den fordi han
meiner at han ikkje skulle vore dømt for overlagt drap, men for
forsettleg drap, seier 48-åringen sin forsvarer Karsten Gjone.

Kjelde: NTB/NRK