Hopp til innhold

- Ungdommen vil jobbe - men ikkje for mykje

Toget for å få seg sommarjobb i år har snart gått. Det er mange om beinet for å kapre jobbane som ikkje krev utdanning og som passar ungdom. Det gjeld å vere kreativ dersom du ikkje har fått deg jobb enno.

Upopulære sommerjobber

Dei tradisjonelle sommarjobbane er det færre av. Men det finst håp for dei initiativrike ungdommane. Det går an å gjere småjobbar for familie, naboar og andre.

Foto: Leif Dalen/Geir Olav Slåen/Håkon Eliassen / NRK

På Modumheimen i Buskerud sitt Audun Eriksen og gler seg over tiltakslysta til ungdommane i kommunen. Då kommunen rundt påsketider lyste ut ti sommarjobbar som trivselsassistentar raste søknadane inn. Så har det vore skikkeleg søknadsprosess, med jobbintervju til slutt.

Audun Eriksen

Leiar ved Modumheimen, Audun Eriksen, gir ti ungdommar sommarjobb i år. Men no treng han ikkje meir ufaglært arbeidskraft.

Foto: privat

– Eg trur vi fekk femti søknadar frå ungdom mellom 16 og 18 år. Vi ser helst at dei som får jobbane er frå bygda, at det er tak i dei og at dei er noko modne, fortel Eriksen.

Han har, dessverre for dei unge som treng ekstra pengar til sommaren, ingen fleire jobbar å tilby. Totalt ti ungdommar får jobbe tre veker kvar med å skape hygge for dei eldre.

– Ungdom vil ikkje jobbe heile sommaren uansett. Det er ein ny tendens vi ser. No skal dei tene pengar i ei avgrensa periode, så skal dei ut og reise med vennar.

Særs få jobbar igjen

NTNU-studenter på utkikk etter jobb

Over 2000 studentar søkte om 150 sommarjobbar i Kongsberg Gruppen. Det er likevel sommarjobbar du ikkje treng spesiell utdanning for å gjere som er mest populære.

Foto: Tove Bø / NRK

Søker du i systemet til NAV er det i dag dukkar det opp berre 55 treff på «ferievikar» og 55 treff på «sommarjobb». I til dømes Buskerud er det berre fem moglege sommarjobbar, og alle krev høg kompetanse som sjukepleiar eller bioingeniørstudent.

– Dei fleste søker på sommarjobb allereie frå februar av, så det er lovleg seint no. Men søk både på nav.no og finn.no. Det gjeld å vere kreativ. Det finst til dømes turistbedrifter kor sommarvikarar ikkje har dukka opp, seier direktør i NAV Buskerud, Elisabeth Holen.

Ho seier det blir stadig færre av dei tradisjonelle sommarjobbane, som jordbærplukking og jobb på fiskemottak. Men ho håper døra ikkje er lukka heilt i landbruket heller.

– Oppsøker norsk ungdom ein stor gard og ønsker å plukke, så er eg sikker på at det er moglegheiter. Elles gjeld det å tenke kreativt og skaffe seg småjobbar som husmåling, hundepass og alt ein kan komme på, seier Holen.

Hugs at du har klare rettar når du jobbar i sommar. Både til løn, matpausar og arbeidsvilkår.

Butikkar vil helst ha kompetanse

Til Kiwis butikk i Hønefoss kjem det kvar veke fire-fem ungdommar med CV-en sin. Nokre berre leverer arket og går, andre vil gjerne selje seg inn. Dagleg leiar Jonathan Røsby har ikkje så gode nyheiter å gi dei.

– Vi har eigentleg ikkje noko som helst jobb til dei som ønsker å jobbe i butikken om sommaren. Dei studentane og ungdommane som jobbar deltid gjennom året vil gjerne tene litt ekstra om sommaren. I år tek vi ikkje inn nokon nye, fortel Røsby.

Butikksjefen meiner det tek for lang tid å lære opp sommarvikarar, og føretrekker å nytte dei som allereie har butikkrutinar og varelager i fingrane.