Hopp til innhold

- Brot på menneskerettane

Elevorganisasjonens advokat Jon Wessel-Aas er kritisk til at Stortinget kan komme til å vurdere nye reglar for ugrunna bruk av narkohund på skulane.

Narkotikahund

Det er brot på menneskerettane dersom Stortinget tillèt vilkårlege narkorazziaer med hund på skulane, seier advokat Jon Wessel-Aas.

Foto: NRK

Jon Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas representerer Elevorganisasjonen. Dei ventar på justisdepartementet si vurdering av vilkårlege narkotikaaksjonar.

Foto: Presse / BingHodneland

– Dersom Stortinget lagar ein lovheimel som opnar for å ransake elevar utan vilkår blir det eit problem i høve menneskerettane, seier advokat Jon Wessel-Aas. I tillegg til å representere Elevorganisasjonen, leiar han den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen.

Elevorganisasjonen trua i august 2013 med søksmål mot Staten for bruken av narkotikahundar. Justisdepartementet svarte då at dette skal evaluerast, og at dei inntil vidare stoppar den omstridde metoden.

– Fritt fram for narkotikamisbruk

Etter at rundt 40 avgangselevar ved vidaregåande skular i Bergen blei arresterte for å ha hatt omgang med narkotika, har debatten om lovverket rundt slike politiaksjonar blussa opp.

Kari Benjaminsen

Politiet i Drammen ønsker å ha moglegheita til å ta med hund på det dei kallar førebyggande verksemd på skulane, seier Kari Benjaminsen.

Foto: Ingunn Håkestad Bråthen / NRK

I fjor vedtok Stortinget at narkotikakontrollar med hund på skular berre kan gjennomførast dersom alle elevane gir samtykke, eller ved konkret mistanke. Politiet kan ikkje gå inn på skulen utan kjenning frå retten, seier Kari Benjaminsen, leiaren for førebyggjande politiarbeid i Drammen.

– Dei som driv med sal og røyker hasj på skolen får fritt spelerom, fordi politiet ikkje får lov til å vere på den arenaen. Politiet er i ferd med å miste kontrollen og oversikta over narkotikabruk og sal i skulane, seier Benjaminsen.

– Ungdom har same menneskerettar som vaksne

Elevorganisasjonen sin advokat Jon Wessel-Aas ventar på at justisdepartementet skal avgjere om det er lovleg å la narkotikahundar snuse på elevar utan å ha konkret mistanke mot dei. Og seier det blir søksmål dersom konklusjonen blir å vende attende til tidlegare praksis med slike aksjonar.

– Eg syns det er litt flåsete retorikk frå politiet at det er fritt spelerom for narkobruk på skulane. Vi er ikkje i mot at politiet informerer og jobbar førebyggande på skulane, eller at dei rykker ut til ein skule med hund når det er konkrete mistankar mot einskilde elevar, som i Bergen nyleg. Men ein har ikkje vilkårlege ransakingar heime hos folk fordi vi veit at det forgår vald i dei tusen heimar

-Seier du at menneskerettane til born og unge ikkje blir like respekterte som hos vaksne?

– Ja, akkurat i dette tilfelle så kan ein seie det. Ingen vaksne vil finne seg i at det blir gjort ransaking med politihund på arbeidsplassen utan at det er konkrete grunnar til det.

Vil ha narkohundar på skulane

Det går mot omkamp i Stortinget om politiets moglegheit til å gjennomføre narkotikakontrollar i vidaregåande skular. – Vi må sjå på saka på nytt, seier Anders Werp, Høgre sin nestleiar i justiskomiteen.

Anders B. Werp, medlem av justiskomiteen på Stortinget for Høyre

Nestleiar i justiskomiteen, Anders Werp, vil legge til rette for bruk av narkohund i klasseromma.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Han seier det aldri har vore Stortingets vilje å sette ein stoppar for narkotikakontrollane med hund. Sjølv om justisdepartementet no vurderer om det i det heile er lovleg.

– Stortinget har vore tydelege på at vi ønsker å legge til rette for at politiet skal kunne gjennomføre førebyggjande narkotikatiltak, som for eksempel bruk av narkotikahund på skular. Men etter mi meining må vi sjå på saka på nytt. Stortinget er opptatt av personvernet, men det må finst ei tilnærming til dette kor vi kan forhindre og førebyggje misbruk av narkotika og samtidig vareta personvernet, seier Werp.

Det reagerer advokat Wessel-Aas på.

– Då må Stortinget lage ein lovheimel som seier at straffeprosesslova ikkje skal gjelde for skuleelevar, som den gjer for alle andre. Det vil vere særs problematisk i høve menneskerettane, og då blir det raskt ein sak for domstolane, seier Wessel-Aas.