Stoltenberg inviterer til fest. Foto: NRK
Dagen før bryllaupet inviterer Jens Stoltenberg og regjeringa til middag på Akershus Slott. Gjestane er kongefamilien, utanlandske gjestar og norske kjendisar. Middagen har tidlegare blitt kritisert for å vere ein stor pr-jippo i samband med valet.
Frå jubiléet til Akershus Festning i 1999. Foto: Akershus Festning
No ser det ut til at regjeringa får større problem enn skuldingar om å blande høgtid og fest med politikk: Næringsmiddeltilsynet vil ikkje godkjenne kjøkkenet.
– Vi held oss til lova og stengjer kjøkkenet, seier plasskommandant Bjørn Nordtømme på Akershus Slott til Dagbladet.
6. juni i år var Næringsmiddeltilsynet ut på inspeksjon på Akershus Slott. Etter kontrollen vart det klart at kjøkkenet manglar internkontrollsystemet alle serveringsstader skal ha.
– Verksemda har ikkje godkjenningsprov, seier byveterinær Reidar Skjelkvåle ved Helsevernetaten i Oslo kommune til Dagbladet.
Under inspeksjonen kom det fram at kjøkkenet mellom anna manglar handvask, det er fleire vindauge som må tettast slik at skadedyr ikkje kjem inn og kjøkenet må få rutinar slik at dei ikkje serverer dårleg mat.
Bristol hotell er leigd inn for å skaffe og lage maten på kjøkenet på Akershus. Bristol er overraska over manglane på kjøkenet, og meiner at det er staten – som eigar av kjøkenet – som må rydje opp.
Vi treng likevel ikkje vere redde for at middagen går i vasken.
– Det blir heilt sikkert middag her 24. august, lovar kommandant Knut-Martin Waage på Akershus festning.