Giftarmålet den 25. august krev at journaliststanden skjerpar seg, no som så mange fleire skal dekkje kongestoff.
Ikkje til alters
Dagsavisen har allereie skrive at kronprins Haakon skal gå til alters med frøken Tjessem Høiby. Å gå til alters tyder å motta nattverd. Det skal dei to ikkje, iallfall ikkje den dagen. Dei skal gå til alteret.
Det er heller ikkje slik at utanlandske regentar vil fyke rundt i Oslo. Dagsrevyens hoffreporterar fortel til dømes, når kongar møtest, at “dei to regentane hadde mykje å snakke om".
Neppe regentar
Regenten er per definisjon ikkje til stades på slike møte. Nynorskordboka fortel at ein regent er ein riksstyrar. Ordet blir ofte brukt om ein tronarving eller fyrste “som mellombels styrer for konge", jamfør kronprinsregent.
Lynkurs
NRKs språkvitar Jon Peders Vestads summerer opp slik:
Vi har to majestetar i Noreg, kongen og dronninga.
Kronprinsen og systra hans er ikkje majestetar, men “høgvørde kongelege" på nynorsk. På bokmål er dei “kongelige høyheter".
Frøken
Kronprinsen og Mette-Marit Tjessem Høiby vil formelt ikkje kunne omtalast som “kronprinsparet" før bryllaupet. Til då kan vi omtale dei som “det framtidige kronprinsparet", “kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby" eller “kronprins Haakon og hans forlova/trulova".
På Slottet har Vestad fått vite at frøken Tjessem Høiby skal omtalast slik (frøken + etternamn) eller med fullt namn, aldri med berre fornamnet.
Tiltaleformene:
Til kongen seier vi Dykkar Majestet; til kongeparet kan vi seie Dykkar Majestetar.
På bokmål: Deres Majestet, Deres Majesteter. Kongen kan tiltalast som Herre Konge, dronninga høge Dronning på nynorsk.
Omtaleformene:
1. Hans Majestet Kongen, Hans Majestet Kong Harald.
2. kong Harald og dronning Sonja, kongen og dronninga.
3. Hennar Majestet Dronninga; Hennar Majestet Dronning Sonja.. På bokmål: Hennes Majestet Dronningen; Hennes Majestet Dronning Sonja.
4. Dei høgvørde kongelege. På bokmål: De Kongelige Høyheter.
5. prinsessene, prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen; prinsesse Astrid, fru Ferner (legg merke til kommaet mellom fornamn og etternamn).
Protokoll
Slottet og Språkrådet er usamde om store forbokstavar.
Slottet seier at det protokollært, altså i alle offisielle samanhengar, alltid skal brukast store. Det inkluderer eit kvart statsbesøk, alle rundreiser kongeparet gjer og truleg all annan omtale.
Pressa følgjer normalt ikkje denne normen. Men hugs at Kongen i statsråd og som institusjon skal skrivast med stor k. Det majestetiske “vi" ("Vi, kong Harald") har også stor forbokstav.